Storheia i grått mildvær (10.08.2022)  4

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 4t 00min
Distanse 10,7km
Høydemeter 624m
GPS
Bestigninger Storheia (600moh) 10.08.2022

Etter overnatting på Nordmelan gårdshotell, vakna vi til ein grå dag og overfylte elvar. Det hadde regna hardt heile natta, og vi var budde på våt tur! Men temperaturen var grei, 16-17 grader. Køyrde bomvegen (25 kr på vipps) frå Kverneland. Parkerte inngjerda (mot kyr) over brua som kryssa den flomdigre Austvasselva. Turen blei våt, vi gav opp å halde fottøyet tørt etter 15 minutt. På Austvassgården snakka vi med hyggjelege folk som hadde overnatta der i natt. Så bar det vidare innover i klissvåte myrar og stigar som likna søylebekkar. Men stigen var godt merkt, og vi var takksame for skiltet ned «Bru», for utan bru måtta vi ha vassa i dag. Så gjennom litt bjørkeskog før det bar bratt opp til toppen, der tok vi kanskje 250 hm i eitt jafs. På toppen bles det hardt, men vi fann no ein lun plass på nord-vestsida og rasta der. Eirik småløp tilbake, vi tre andre brukte vel ca 1,5 time både opp og ned. I tillegg ca 30 min rast. Då vi kom ned til skiltet med «Bru», gjekk vi på to reinsdyr, simle og kalv. Moro. Møtte elles ikkje dyr eller folk. Var borte i rett under 4 timar, gjekk 10,7 km og 624 hm. Anne, Eirik og Tom var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.