Parkerte ved infotavla ved Lunde. Og fulgte godt merka rute opp til toppen. Opp til mastene var det veg, men den var merka privat/ køyring forbudt/ vinterstengt. Då eg kom opp til mastene blei eg forbikøyrd av ein bil. Der var det betre parkeringsplass enn der eg sette bilen. Stien opp til mastene var ikkje noko å klage på, men eg hadde kanskje spart ei tid og litt energi på veg opp. Opp det brattaste før toppen var det noko snø i stien. Denne hadde eg ikkje trengt å gå over (og gjekk difor ikkje over den på veg nedatt). På toppen var eg aleine og kunne nyte maten min i ro og fred med vindstille. På veg nedatt oppdaga eg Kløyva, som er ein gapahuk med omn inne. Denne var fint plassert med utsikt mot Balestrand. Fantastisk fin tur som kan anbefalast i fint vær.
Kommentarer