Røysdalsnuten og Blomtjørneggi (28.10.2012)

Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Kart
Bestigninger Bjørgenuten (895moh) 28.10.2012
Blomtjønneggin (1231moh) 28.10.2012
Grimaren (1169moh) 28.10.2012
Røysdalsnuten (1291moh) 28.10.2012
Sørvest for Røysdalsnuten (1220moh) 28.10.2012

Kjørte opp til Grimås og gjekk så på sti oppover til Grimaren. Stien var dog usynlig mange plasser pga snø. Gjekk derfra over Tjorbunuten til austsida av Årstaultjørni og nordover opp ei steinrøys vest for Røysdalsnuten. Dagen starta med klarver men det dreiv periodevis inn en del skoddeskyer frå sørvest men dei var heldigvis vekke mens eg var på toppen, men vinden auka opp frå sør. Gjekk ned mot austsida av store Tjorbutjørni og opp på Blomtjørneggi. Nå begynte det å skye ordentlig til frå vest og det var skoddeskyer nedpå Troganattan og Jøronnatten. Gjekk ned vestover mot Gråntjørn og utanom tjørnane fulgte eg stien ned til Grimås. Det var tjukk farbar is på småtjørnane mens Årstaultjørni og Tjorbutjørni hadde 4-5 cm stålis. Ellers var det stort sett 10-20 cm fast skaresnø i terrenget. Til slutt gjekk eg opp på Bjørgenuten fra en parkeringslomm en snau km sørvest for Reinstaul. Her var merka rute på en traktorveg ca ein km og så på grei sti i terrenget. Lite snø her men stedvis is i stien. Fin utsikt over Seljord frå toppen av Bjørgenuten.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.