Lotsberg langlauf (01.04.2022)
Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim)
Bestigninger | Heida (994moh) | 01.04.2022 21:17 |
---|---|---|
Bergsetnakken (1133moh) | 01.04.2022 21:17 | |
Holmøyskaregga (1064moh) | 01.04.2022 21:17 | |
Glitteregga (1297moh) | 01.04.2022 21:17 | |
Saulaksla (900moh) | 01.04.2022 21:18 | |
Indre Hennesvartegga (862moh) | 01.04.2022 21:18 | |
Svartegga (1047moh) | 01.04.2022 21:18 | |
Mistelhaugen (476moh) | 01.04.2022 21:18 | |
Andre besøkte PBE'er | Skadevassegga varde (908moh) | 01.04.2022 21:17 |
Lotsbergstøylen (390moh) | 01.04.2022 21:18 |
Torsdag kveld plinga det inn melding frå Lise om eg ville vere med på ein lang skitur på Lote dagen etter. Lang skitur på Lote betyr jo langt og lenger enn langt. Det frista, og dessutan var det ei super anledning til å ta att Vinjar på Eidalista ettersom turen ville gi meg to nye og krevjande Eidatoppar, i tillegg til tre nye toppar i Stryn.
Det var oppmøte på Lotsberg kvart på 9 morgonen etter. Etter litt omvisning i opplevelsessenteret til Ove skyssa han oss til Fjelli for turstart. Blågrader, vindstille og skyfri himmel. Eg spurte Lise forsiktig om kor lang tid turen kom til å ta. Om lag ti timar. Ja nettopp - og då rekna eg ikkje med så alt for mykje dødtid, for å seie det slik. Eg melda kona at ho måtte kjøpe ein øl eller to ettersom eg ikkje kom til å rekke ølsalget.
Vi starta opp bakkane frå Vangen litt før kl.10, og då Lise straks byrja å kutte svingane på skiløypene merka eg at kortfellane mine ikkje var heilt up to the task. Det gikk heldigvis ikkje så lang tid før vi begge skifta til langfellar, og då var det berre å sige oppover mot dagens første topp, Heida (992).
Føret virka veldig bra, med litt tørr nysnø på den gamle skaren. Dette skulle holde seg stort sett heile dagen.
Etter Heida sklei vi på fellane mot Bubergskaret, før ei bratt oppstiging til Bergsetnakken (1133). Herifrå var det fin utsikt til resten av turen.
Nedkøyringa frå Bergsetnakken mot struopen var meeget bra. Det er lenge sidan eg har svinga telemark, men dette beherska eg til det FULLE! God stemning og (kunstig) høg sjølvtillit prega etappen vidare mot neste topp, Holmøyskaregga (1064). Her vart det ei skjeve før vi skulle ta neste nedkøyring mot Holmøyskaret.
Lise svinga seg fint nedover. Men, skia mine ville ikkje lystre i den solpåverka snøen. Det var begredelig stil og påtakande fjols-til-fjells-stemning heile vegen til skaret. Eg slo fram på at det måtte vere noko gale med skia mine, noko som ikkje vart tatt på alvor av turfølget.
Så kom bakken opp mot dagens høgste topp Glitteregga. Litt ising under fellane (og nokon andre faktorar eg ikkje heilt klarer å forklare) gjorde at det danna seg ei luke fram til Lise opp her. Glitteregga (1297) nådde vi litt før kl. 15. Kvar hadde tida blitt av? Vel, nesten vindstille og panorama utsikt gjorde at vi tok ei lita pause her, før den lange gli-etappen mot Hoplandskaret.
Sidan sjølvtilliten på telemarkkøyring min hadde fått ein nødvendig korreks var eg litt spent nedover her. Men strammare skisko og bedre snø gjorde at eg kom frå dette med æra (tilnærma) i behold. Sjølv om rennet ned bjørkeskogen mot Innitunstøylen var litt såder.
Herifrå var det dagens tyngste bakke for meg (kanskje fordi dette var einaste gongen eg gikk fremst på heile turen) til Sauaksla (900). Her måtte eg ha litt solid påfyll av niste, og vi merka at det gikk mot ettermiddag og kveld.
Nista hjelpte, og det var berre å trå til opp Hennesvartegga og vidare til dagens (nest) siste topp – Svartegga. Merka eg hadde gått ei stund no, medan Lise rusla i front og snakka lett og ledig om kor lite ho trengte å ete på slike turar. Ja, nettopp.
Svartegga nådde vi i nydelig kveldslys, med blikkstille fjordar rundt oss. Milde måne, snakkar om knallsuksess!
Deretter vart det eit nydelig nedrenn ned Kvitelvebakkane i flott vindpåverka pudder! Her var det noko gale med skia til Lise der ho rulla rundt i stilongsen opp i bratta. Deretter litt krevjande forhold ned til dagens aller siste topp Mistelhaugen (pf 8) før vi tok av skia på Lotsbergstøylen. Vi rusla inn på tunet til Ove og Lise litt over klokka 8, etter nesten ti og ein halv time på tur.
Eg måtte ha meg ein liten tur innom Lotsberg for å sjå det flotte huset deira, og helse på Ove og Vinjar, som lurte meg trill rundt med 1. April-spøkar!
Deretter strakaste vegen tilbake til Orheim, der eg prøvde å sjå Nytt på nytt medan eg låg rett ut på sofaen med krampe både her og der.
Takk for turen Lise – heilt rått!
Lise sin rapport med masse bilete
Starttidspunkt | 01.04.2022 09:36 (UTC+01:00 ST) |
Sluttidspunkt | 01.04.2022 19:58 (UTC+01:00 ST) |
Totaltid | 10t 20min |
Bevegelsestid | 7t 18min |
Pausetid | 3t 02min |
Snittfart totalt | 3,3km/t |
Snittfart bevegelsestid | 4,7km/t |
Distanse | 34,7km |
Høydemeter | 2622m |
Kommentarer
Imponerande runde!
Skrevet av Freeflex 02.04.2022 11:37Grunna jobb kom eg meg ikkje avgarde før i to-tida, men var kjekt å følge spora dokkar opp til Holmøyskaregga! Takka være klabbing gjekk det fint sjølv med kortfellar :D
Sv: Imponerande runde!
Skrevet av kobbenes 02.04.2022 19:28Bra å høyre - ja dette var ein lang runde i mi bok. Hadde ikkje gått utan brøytemaskin :-D
Sv: Sv: Imponerande runde!
Skrevet av ligroenb 02.04.2022 21:15Du fiksa denne turen lett som bare det ;-) herlig lesing fra en legendarisk flott dag, med fullklaff på alle vis!