Pilå på Rennesøy! (17.05.2021)

Skrevet av Augustusogmegpaatur

Startsted Vikevåg bedehus (50moh)
Sluttsted Vikevåg bedehus (50moh)
Turtype Fottur
Distanse 3,2km
Høydemeter 264m
Kart
Bestigninger Vikefjellet (217moh) 17.05.2021

Om du kjem med ferja frå Arsvågen og køyrer sørover på Rennesøy, vil du om du hevar blikket litt sjå ei stor pil på toppen like ovanfor tunnelmunningen til Mastrafjordtunnelen. Dette er Pilå! Det er ein kort, men nokså bratt tur. Berre 1,6 km frå parkeringa ved bedehuset i Vikevåg. Men utsikta der oppe er formidabel, og turen opp er berre nydeleg! Går du på våren, sommaren eller tidleg på hausten får du selskap av sauar på store delar av turen, men det gjer vel ikkje noko? Dei er jo som kjent ålreite dyr!
Kryss vegen frå bedehuset, følg merkinga gjennom byggefeltet oppover, og følg anten grusvegen opp til Vikastemmen, eller gå inn i terrenget. Det siste alternativet er kortare og brattare, men personleg synest det er mykje finare. Det vert kalla "dei grøne øyane", og det forstår eg godt, du går i nydeleg kulturlandskap heile vegen! Det er rett og slett berre å nyte turen!
Om du vil kan du gå ned att same veg, eller følge grusvegen om du ikkje tok denne opp, eller du kan fortsetje vidare mot Varden og Sel. Følgjer du merkinga til Moskar, kan du gå ned denne svært så bratte skråninga. Du kjem du ned på vegen ikkje så langt frå Vikevåg sentrum, og du kan gå denne langs Mastrafjorden tilbake til bilen. Då får du ein rundtur på ca 6 km.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.