Bandåsen - Stavanger har fått ein fjelltopp! (13.07.2021)

Skrevet av Augustusogmegpaatur

Startsted Seltveit (270moh)
Sluttsted Seltveit (270moh)
Turtype Fjelltur
Distanse 2,6km
Høydemeter 263m
Kart
Bestigninger Bandåsen (513moh) 13.07.2021

Før kommunesamanslåinga i 2020 var Stavanger paddeflat, og mange vil nok hevde at det er byen fortsatt, men me har uansett fått oss ein topp som er høgare enn 500 mot: Bandåsen på Ombo!
Med hytte på Halsnøy i Ryfylke, og Ombo som næraste "øy-nabo", så skulle ein kanskje tru at dette var ein plass eg hadde vore før, men nei, det var fyrst i juli 2021 at me tok ferja over sundet og køyrde til Seltveit for å gå til Bandåsen. Og ein kan verkeleg undrast over at eg ikkje har vore vore der før! For ein nydeleg liten tur! For ein topp! For ei storslagen utsikt!
Det er ulike plassar ein kan starte turen til Bandåsen frå, og ein kan òg gå opp éin stad og ned ein annan om ein har to bilar. Me gjekk t/r Seltveit.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.