Stedjeåsen-Hella, Dag 2 (17.07.2021)
Skrevet av Hommpbollen (Tor)
Startsted | Sumhaug (764moh) |
---|---|
Sluttsted | Leikanger sentrum (19moh) |
Turlengde | 8t 40min |
Distanse | 21,0km |
Høydemeter | 915m |
GPS |
![]() ![]() |
Første natta i telt var, som vanleg er på slike turar, av svært varierande kvalitet. Vi vakna elles til ein overskya himmel og ein litt bister vind. Eit tydeleg forvarsel på kva som skulle kome. No gjaldt det å finne den raskaste ruta nordover mot Synnevaskjer, via fjellryggen på vestsida av Store trastadalsvatnet.
Tanken var god, men gjennomføringa var elendig.
Av ein eller anna merkeleg grunn, kanskje som følgje av mangelfull kartlesing og sondering i terrenget, kom vi alt for langt mot vest og gjekk rett på hytta (eller rønna) Trastå på vestspissen til Henjadalen. På eit tidspunkt var Eirik til og med på veg nedover mot Friksdalen i full fart, i den tru at dette var Trastadalen. Jadda, gutta på tur dette! Hadde vi ikkje kome inn på ein sti i riktig retning, som for øvrig gjekk via elva Traståna, hadde vi vel gått oss vil eller drukna.
Så kan ein likevel, i etterklokskapen sitt lys, spørje om vi faktisk BURDE ha gått inn Friksdalen og over til Eitrebotn i staden for via breen..
Nok om det. Etter det ufrivillige besøket av Trastå nådde vi hytta Åsenosi der vi gjekk til inntak ein av matbete før det verkelege slitet starta. Her var det ein grei utsikt ned att i Henjadalen. Vi møtte og på nokre hyggelege turgåarar frå Sogndalsdalen. Dei rista litt på hovudet når dei fekk høyre om feilskjæret vårt, men verka likevel imponert over at vi kom frå Sogndal sentrum. Så det inntrykket gjekk vel opp i opp.
Så starta morroa. Det vart ein lang fjellrygg å forsere, og for kvar høgdemeter vi tok kjentes det som at dritveret auka. Etterkvart gjekk det i konstant sterk vind og piskande regn, noko som gjorde at vi tidleg bestemte oss for å droppe Synnevaskjer og gå rett over breen.
Heile greia vart etterkvart ei mental utfordring. Fjellskoa og den einaste softshell-buksa eg hadde med meg (idioti? ja, Gud betre), vart dyvåt før vi kom opp til breen. Hardshell- jakka var heller ikkje mykje å skryte av. Ein anna ting var at vi aldri følte vi kom nærmare denne forbanna breen. Det var vanskeleg å sjå, og det dukka stadig opp ikkje-kartlagte fjellhammarar ut av skodde-disen som vi verken ante om vi burde gå rundt eller rett over. Ja, nemnde eg skodde? På det verste såg vi ti triste meter føre oss, og med ingen utsikt til forbetring. Slik skulle vi altså gå i godt over 5 kilometer til. I dette drit-veret. Med ei drit-bukse. Med drit-sko. Med ei drit-jakke (goretex er oppskrytt!) Det var med andre ord berre drit alt i hop.
Turen, kan ein difor seie, endte med ei sjefavgjer bak ein forblåst stein i skodde-havet mellom piskande regn og lunefulle vestavindar. Vi følgde den åttande fjellvett-regelen, og følte ingen skam over dette. Nei, pokker heller. Det var tross alt langt ned att med 20 kg på ryggen i det same bedritne veret. No ville vi heim. Heim til dusj, varm mat og tørre klede. Og øl, sjølvsagt.
For å få i meg varmen tok eg beina fatt og sprang som ein "hest" ifølgje Eirik. Det var likevel ikkje meint som eit kompliment. Han vart hengjade etter og var sur og tverr (som eit esel kanskje?), då vi møttast att nede ved Åsenosi. Humøret mildna likevel etterkvart som regnet og vinden stilna nedover mot Henjadalen. Nede i dalbotnen følgde vi grusvegen nedover mot Leikanger sentrum. Dette vart ein kamp mot klokka for å nå bussen tilbake til Sogndal, og viktige avklaringar av busstider m.m. vart gjort per telefon med (pappa) Arnold i Balestrand. I mellomtida auka regnveret på. Vi fekk heldigvis skyss av dei same turgåarane vi traff på Åsenosi på det siste vegstykket. Dei syntes vi såg ut som nokre drukna kattar, noko som var svært treffande observert.
Bussen viste seg å vere ti minutt forseinka. Eg fekk difor eit lettare sinne-anfall på busshaldeplassen på Hermansverk fordi eg trudde at bussen allereie hadde gått. Det oppsummerte vel eigentleg turdagen til sitt fulle.
Kommentarer
Ein heftig tur.
Skrevet av Argok54 02.08.2021 13:58Det er heilt klart at ein må lide og ha det vondt før ein klarer å kjenne skikkeleg det som er godt. Slik som ein dusj, få middag, legge beina høgt og ha noko i glaset. Det var elles ein svært underhaldande og velskriven rapport. De hadde sikkert ikkje mobildekning heller så alle vermeldingane eg sendte til dykk kom sikkert ikkje fram. Ho der Yr-dama meldt faktisk akkurat slik ver som de fekk. Helsing han i Balestrand
Sv: Ein heftig tur.
Skrevet av Hommpbollen 02.08.2021 14:29Takk. Heilt riktig. Det var kjekkare å skrive om turen enn å gå den, for å seie det slik.
Eg meiner å hugse at det berre var meldt nokre dropar i fjellet dagen før vi starta turen vår. Ho Yr-dama såg altså ut til å korrigere verrapportane sine etter kvar dag. Det gjer meg ikkje særleg imponert.