Bergsvarden, Gjøafjellet og Lamdalsheia (22.12.2020)

Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Startsted Berg
Turtype Fottur
Turlengde 3t 30min
Distanse 12,0km
Høydemeter 900m
Kart
Bestigninger Bergsvarden (571moh) 22.12.2020
Gjøafjellet (537moh) 22.12.2020

Førjulstid og man-flu er dårlige greier. Men som litt introvert er det naudsynt å fylle opp ensomheitsbatteria heilt fulle før jula skyller inn med alle sine selskapeligheiter. Snillfjordtoppane kvalifiserer særs godt til social distansing, så då vart det Bergsvarden i dag.

Byrja på Berg, gikk gjennom tunet og opp traktorvegen. Deretter sti opp til tregrensa, så lettgått til Gjøafjellet, som var dagens finaste topp. Deretter fulgte eg høgda til Bergsvarden - ein stor varde som matcha fjellet den var plassert på: brei og lav. Deretter gikk eg bortom veggen på Lamdalsheia, der dei hoppar base og islinja Nirvana kjem opp. Luftig, men eg lurer på om det kan vere klatrepotensiale på denne steinen. I dag var det forøvrig flotte klatreforhold - mildt og tørt.

Gjøafjellet
Gjøafjellet
Bergsvarden
Bergsvarden
Base-veggen sett ovanfrå. Luftige saker
Base-veggen sett ovanfrå. Luftige saker
Veggen nedanfrå, for øyeblikket i vintersol!
Veggen nedanfrå, for øyeblikket i vintersol!

Adiø Snillfjord.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.