Fin tur til Sundsfjellet. Turen gjekk på god sti opp til cirka 800 m.o.h., deretter ein litt dårleg sti opp mot Kjenuken, før eg tok av mot Sundsfjellet. Då utsikten mot nord er betre frå Kjenuken, tok eg ein tur hit også.
Her er eg på toppen av Sundsfjellet. Ser sørover Oldedalen med Jostedalsbreen i bakgrunnen. Neslenibba tronar på venstre side, har mål å kome opp hit også, men det vart ikkje tid til det i dag.
På ein måte ikkje rart at den noko lågare Kjenuken er eit meir populært turmål enn Sundsfjellet. Utsikten er best her, med flott utsikt nordover mot Olden og fjella sør og nord for Strynedalen.
Kommentarer