Vierheii og Vardsvasseggene (31.05.2020)

Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Startsted Håhellervatnet (870moh)
Sluttsted Håhellervatnet (870moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 7t 30min
Kart
Bestigninger Kalvetjørnnutane (1114moh) 31.05.2020
Vardsvasseggen (1141moh) 31.05.2020
Vierhei (1160moh) 31.05.2020
Øyuvseggen (1138moh) 31.05.2020

Gjekk frå vestsida av Håhellervatnet over vatnet forbi Håhellerhytta og opp langs Smogedalen til Øyuvseggin. Det var stor trafikk på Suleskardvegen og mange som stoppa for å ta bilder av dei imponerande brøytekantane. Rant ned forbi sørenden av Knutstjørn. Her var ein gjeng som rasta. Eg prøvde å passere på god avstand, men ein gutt kom mot meg og spurte om eg ville ha lapper. Eg takka sjølsagt ja til det, og fekk både lapper og kaffi. Gjekk så vidare til Kalvetjørnknutane, og så nordover over Gunnarsvatnet og Ivlungsvotni og opp til Vierheii. Så vestover til Vardsvasseggene og via rosskreppdammen tilbake til Håhellervatnet.

Suleskardvegen gjennom Smogedalen der snøhøyden jamt over er 3-4 m.
Suleskardvegen gjennom Smogedalen der snøhøyden jamt over er 3-4 m.
På Øyuvseggin med Vierheii i bakgrunnen.
På Øyuvseggin med Vierheii i bakgrunnen.
Mot Knutstjørn og ei gruppe som raster ses t.h.
Mot Knutstjørn og ei gruppe som raster ses t.h.
På Kalvetjørnknutane.
På Kalvetjørnknutane.
Suleskardvegen mellom Ivlungsvotni.
Suleskardvegen mellom Ivlungsvotni.
På Vierheii.
På Vierheii.
På Vardsvasseggene med austlig fortopp bak og Vierheii i bakgrunnen.
På Vardsvasseggene med austlig fortopp bak og Vierheii i bakgrunnen.
Fossebu ved Rosskreppdammen.
Fossebu ved Rosskreppdammen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.