Lofottur dag 6:To turer på Værøy og Volandstinden i Flakstad (19.05.2019)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Valltinden (148moh) | 19.05.2019 03:35 |
---|---|---|
Litlmelen (58moh) | 19.05.2019 04:04 | |
Gullaksla (138moh) | 19.05.2019 04:38 | |
Svinkammen (126moh) | 19.05.2019 11:32 | |
Sålbotstinden (107moh) | 19.05.2019 11:45 | |
Volandstinden (457moh) | 19.05.2019 22:24 | |
Volandstinden Nord (454moh) | 19.05.2019 22:37 | |
Nesfjellet (408moh) | 19.05.2019 23:42 | |
Geitøya (27moh) | 20.05.2019 00:37 | |
Andre besøkte PBE'er | Gångskaret parkering (46moh) | 19.05.2019 03:11 |
Volandstinden p-lomme (10moh) | 19.05.2019 21:25 |
Nattur på Værøy
Det bles skikkeleg denne natta på Værøy, og det var vanskeleg å få sove i teltet. Kristine og eg fann da ut at vi like gjerne kunne gå ein tur. Det var ein del vind, men elles var vêret heilt strålande, med ein fin soloppgang i halv fire tida. Målet vart Valttinden.
Vi forsøkte å gå rett opp i frå Gångskaret, men det vart for bratt og kronglete. Vi gjekk litt ned og runda mot nord, og gjekk opp i skaret mellom Gångskårtinden og Valttinden. Derifrå var det grei og morosam klyving opp til toppen.
Vi hadde eigentleg tenkt til å gå på Gångskårtinden etter Valttinden, men vi fann ut at Gullaksla/Storfjellet freista meir. Nedover frå Valttinden var det slakt, og det var eit råk der. I eit bratt parti var det lagt ut kjetting og det var boltar i fjellet. Vi gjekk oppom Litlmelen, før vi runda Storfjellet og gjekk opp på sørsida, der det var råk.
Ein flott tur med ein strålande soloppgang, og flott lys elles.
Svinkammen før ferga
Etter litt søvn etter turen på Valttinden, åt vi frukost og pakket ned teltet. Vi bar med oss alt utstyret til fergekaia, der vi satt frå oss sekkane.
Vi gjekk i vegen på tur med mål om å komme på Svinkammen, og eit håp om å komme på Klaumertinden.
Turen opp på Svinkammen var enkel og grei, men utan råk. Vidare gjekk vi på Sålbotstinden. Derifrå gjekk vi ned på vestsida for å sjå om det var ein grei veg opp på Klaumertinden frå baksida. Vi såg diverre ikkje nokon god rute derifrå, så vi gjekk tilbake til framsida. Da vi ikkje såg nokon god rute opp søraust-ryggen slo vi det frå oss; det var ikkje så lengje til ferga gjekk.
Den midtre aust-ryggen såg ikkje så ille ut, så den er nok det beste alternativet. Men det får bli neste gong vi vitjar Værøy.
Vi hadde to strålande flotte dagar det denne fantastiske, litle øya. Og eg kan anbefale alle på det varmaste å ta turen hit!
Kveldstur på Volandstinden
Vi tok ferga frå Værøya til Moskenes. Vi drog så til Reine og kjøpte pizza på ein restaurant, før vi køyrde til parkeringslomma nedunder Volandstinden på Flakstadøy. Der satt vi på ny opp teltet, før vi hadde tenkt til å ta ein tur.
Etter ein natt med lite søvn var vi trøytte båe to, og eg sovna i teltet. Etter å ha diskutert litt fann vi ut at vi ville ut på tur, så klokka 21.25 gjekk vi i vegen mot Volandstinden. I byrjinga var råket litt vått, men det var bra.
Oppe på Volandstinden gjekk vi ut på den litt lågare nordtoppen. På veg ned att vart vi einige om å gå oppom Nesfjellet. Der diskuterte vi om vi skulle gå bortom Nonsdalstinden. Vi slo dette frå oss, og gjekk ned att. På vegen ned att fann vi nokre snørennar som gjorde turen raskare og morosamare.
På veg nedover hadde vi ein flott solnedgang, og vel nede var himmelen heilt fantastisk. Vi gjekk difor ut på øya Geitøya. Da vi gjekk ut på øya var det lågvatn, så vi gjekk turrskodde over, medan på tur attende var det høgvatn, så vi vassa til langt oppå leggane.
Ein ny strålande dag på tur i Lofoten.
Kommentarer
Tidlig oppe
Skrevet av repelo 19.05.2019 06:31Dere utnytter tida godt!