Forsøk på Niingen (10.11.2018)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Domningen (782moh) | 10.11.2018 12:53 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Niingen parkering (40moh) | 10.11.2018 09:34 |
Kristine og eg stod opp tidlegare enn vanleg for å gå på tur i dag. Vi hadde eigentleg snakka om å gå på Blåfjellet på 903 moh i Skånland, men når vi såg kor lite snø det var i fjella, fann vi ut at vi ville prøve på ein høgare topp. Valet fall på Niingen i Evenes, på 1073 moh. Niingen er utsjåande messig ein riktig kremtopp, men det viste seg å ikkje være eit godt val.
Vi parkerte på Niingen parkering. Derifrå gjekk vi råket opp til vi kom til røyrgata. Vi gjekk under røyrgata og følgde ei betongtrapp oppover, før det gjekk ei trapp tilbake over røyrgata. På toppen av røyrgata tok vi ei lita pause før vi gjekk vidare. Her deler råket seg, hovudråket råket går vidare til Niingshytta, medan vi følgde det bratte råket rett opp mot Domningen/Niingen. Det var fint å gå oppover, men det rann ein del vatten i råket enkelte plasser.
Da vi kom opp ved sida av Domningen vart det plutseleg ikkje fult så fint å gå lengjer. Det var is på mange av steinane. Stålis som ein nesten ikkje såg, og som var skikkeleg glatt. Etter kvart som vi kom høgare opp vart det også meir og meir snø. Der snøen låg i litt helling gjekk det ikkje an å gå på han, han var stein hard og ofte dekka av eit tynt islag, å sparke seg tak nytta ikkje. Når vi kom opp på om lag 900 moh ga vi opp. Vegen videre var bratt og snødekt. For å prøve seg på toppen burde vi ha hatt enten broddar eller stegjern og ei isøks.
Surt å måtte snu før toppen, men rett og slett ikkje forhald for å gå med berre fjellsko. På veg ned at gjekk vi oppom Domningen. Vi hadde fint vêr på turen, og alt i alt vart det ein flott tur sjølv om vi ikkje kom oss på Niingen.
Kommentarer
Niingen
Skrevet av repelo 11.11.2018 10:02Klok beslutning, men sikkert bittert.