Turlagstur til Hornelen på Bremangerlandet. Dette vart ein "vaksen" tur.
Vi var 12 stk, seks damer og seks menn, i sin beste alder.....og vel så det......nokre med fleire helseplager og utfordringar enn andre.
Hornelen er ikkje det høgaste punktet her. Litt lenger inn på øya ligg Svartevassegga (889 moh.) som er det høgaste punktet på øya. I eldre tider kalte man gjerne fjellet Smalsarhorn. Mange sagn er knyttet til dette fjellet og ifølge nokre av desse er det ein samlingsplass for hekser både jonsokaften og julaftan.
Vi var 3 stykker som tok av frå stien og gjekk oppom Svartevassegga. Vi fekk DEN regnbyga på returen frå denne toppen, samt tåke og klyving på diiiigre steinar…..det likte eg ikkje så godt.....men vi kom oss ned att på stien og fortsatte mot Hornelen. Vi måtte gå eit godt stykke både bortover, nedover, bortover og til slutt opp den siste motbakken før vi var på Hornelen. DEN utsikten!!!!! Kan ta pusten frå ein.
Alle kom seg på toppen.....og alle kom seg ned att.....det tok ein del lengre tid enn forventa. Vi er stolte av å ha fått med alle på toppen....og ned att!!!!
Oppe på neste nivå var det "hellelagde" autostradar....ein kjempejobb av dei som har lagt desse....sååååå godt å gå på. Vi var 3 stykker som tok av og gjekk opp til høgre, mot det høgste punktet på øya, Svartevassegga.
Oppe på toppen finnes denne sprekka. Når det ligg snø her, kan denne være skummel. Kun dagar etter vi var der falt ei kvinne ned i sprekken og omkom. Tragisk!
Fleire av dei andre er komen eit stykke nedover. Det var glatt, sleipt, gjørmete i stien, etter mykje nedbør den siste veka. Godt å ha staver som hjelper meg å halde balansen!
Kommentarer