Skruven og Litleskruven (09.09.2018)  6

Skrevet av tsenneset (Thore Senneset)

Startsted Rindalsstølen (495moh)
Sluttsted Rindalsstølen (456moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 6t 39min
Distanse 12,3km
Høydemeter 1189m
GPS
Bestigninger Litleskruven (1545moh) 09.09.2018
Skruven (1585moh) 09.09.2018
Andre besøkte PBE'er Bygdastølen p-plass (480moh) 09.09.2018 09:53

Topptur saman med om lag 35 andre i regi av Stranda Turlag. Vi starta frå Rindalsstølen og gjekk raskt oppover Tverrdalen mot Russadalen. Vi fekk oss nokre regndråpar medan vi gjekk innover dalen og frykta det verste. Heldigvis passerte regnbygene sør-aust for og vest for oss!

Etter ei matpause i lia over Russavatnet gjekk vi bratt opp langs ei renne og inn mot breen. I følge turleiarane var breen uvanleg liten, dei hadde faktisk ikkje sett breen så liten før. Det var difor ikkje tilrådeleg krysse breen. Vi runda difor breen på høgre sida (rett under Skruven) før vi gjekk tilbake eit stykke og opp på ryggen mellom Litleskruven og Skruven. Etter ein tur innom Litleskruven nådde vi Skruven etter om lag fire timar.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.