Kringlehøa (06.06.2018)

Skrevet av simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Startsted Dalen parkering (260moh)
Turtype Fottur
Kart
Bestigninger Kringlehøa (1493moh) 06.06.2018
Renndalskamman (1288moh) 06.06.2018

Dagens duo hadde opprinneleg planlagd å forsøke seg på Hesten frå Grasdalen, men nysnø frå natta i førevegen satt ein effektiv stoppar for turen som er utfordrande nok sjølv på tørre forhold. Alternativet blei Renndølskamman og Kringlehøa, ein tur som skulle vise seg å overgå forventningane til begge i turfølgjet.

Etter å ha passert Renndølsetra kryssa vi brua over Renndøla og tok fatt på stien opp til Renndalen. God sti heile vegen etter kvart som det flata ut innover dalføret. Eit stykke før Renndalsvatnet tok vi av stien og gjekk nokså rett opp lia til ryggen av Renndølskamman. Vidare ned og oppatt på Kringlehøa. Returen gjekk ned til lavaste punkt mellom Renndølskamman og Kringlehøa, og derifrå ned til Langvatnet, for så å følgje strandkanten til vi traff på T-merka sti som tok oss tilbake ned til Innerdalen. Dagen blei toppa med ein avstikkar inn til Innerdalshytta for eit par sollide bakelshjarte med Sunndalsgraut.

Diagonalgang på ryggen mellom Renndalskamman og Kringlehøa.
Diagonalgang på ryggen mellom Renndalskamman og Kringlehøa.
Utsikt over Innerdalen frå Renndalen. Stort vakrare blir det vel ikkje (Hesten og ruta opp dit sjåast i midten av bilete).
Utsikt over Innerdalen frå Renndalen. Stort vakrare blir det vel ikkje (Hesten og ruta opp dit sjåast i midten av bilete).

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.