Surnadal: Snota og rundtur (pf 100 komplett) (14.07.2018)  6

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Vindøldalen (326moh)
Sluttsted Vindøldalen (326moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 9t 56min
Distanse 39,6km
Høydemeter 1900m
GPS
Bestigninger Grøafjellet (1139moh) 14.07.2018
Snota (1669moh) 14.07.2018
Litl-Snota (1566moh) 14.07.2018
Vassdalsfjellet (1204moh) 14.07.2018
Vassdalsfjellet N (1182moh) 14.07.2018

Møre og Romsdal pf 100 1144/1161

Vi var stasjonert utan for huset til Bjørn Fillipsveen i Surnadal i heile 5 netter denne ferien. Han lånte villeg vekk sykkelen sin så vi kunne sykle den flate Vindøldalen. No var det min tur, målet var Snota. Skodda hadde sett sine preg på dei siste dagane og den var gjeldande i dag og. Låste fast sykkelen ved siste parkeringsplassen og trakka dei siste 300 hm til Vassdalsvatnet til fots. Skodda møtte meg oppi der, eg var litt spent og skeptisk til dagen som hadde 4 pf 100 på lista. Skimta eit par personar ved eit telt og gjekk bort for å slå av ein prat. Det var søstrene Ida og Mari frå Rindal som nettopp hadde sett opp teltet. Dvs dei hadde gått oppver rett før meg og var no klar for ein tur til Snota. Ingen var sikre på noko rutevalg oppver så då vart det naturleg å slå følgje. Tok av på den tydelege stien ved trimkassa og fulgte denne oppover eit stykke. Den forsvann etter kvart så då var det berre å gå på måfå. Oppe på kanten vart det lettare å gå innover etter GPS. Rett før Litl-Snota kom vi over skodda og fekk eit fint skue mot Snota. Såg ein del folk på vei både oppover og nedover ryggen, så det var nok fleire som hadde trossa skodda i dag. Dei vi var i kontakt med hadde gått opp frå Gråsjøen. Det var skikkeleg temperatur og vindstille på Snota. Nokre karar kjøyrde baris-trikset utan at damene stimla rundt dei av den grunn. Etter å ha gått ilag med søstrene og sett folk på toppen var psyken min no på topp for å ta Grøafjellet og Vassdalsfjellet. Skilde lag med Ida og Mari og gjorde avtale om teltbesøk og kaffi på retur. Fulgte kanten nedover eit stykke før eg gjekk ned ei bratt side på vestsida. Peila meg så inn mot 1252-punktet og retning Grøafjellet. No starta skodda å lette og eg kunne sjå Snota rett over meg. Resten av dagen vart kjempefin og kunne gå med god sikt og lett antrekk. Nordvestover mot Vassdalsfjellet prøvde eg halde høgda på ca 1000 moh, men vart pressa litt nedover etter naturlege rutevalg. Ein del svaformasjonar og hamrar ville pressa meg enno meir nedover og tok derfor ein brå bakke opp 100 hm og kunne gå lett mot skaret i passeleg høgde. Så var det lett over Vassdalsfjellet og vidare til nordtoppen. Kolla hadde heldigvis skrive om dette trakket i austsida. Gjekk forbi, men såg det til slutt. Heilt greitt å gå ned her! Hadde estimert 1930 til damene i teltet, dei var småimponert sidan eg bomma med berre 10 minutt, 1920. Dei hadde brukt veldig med tid ned igjen og bada i vatnet. Fekk meg ein god kopp kaffi og ein triveleg prat. Dei hadde planar om Rognnebba neste dag. Takka for selskapet og kaffien og rusla til sykkelen. God fart og vind i det imaginære håret mitt dei ca 8 km med sykkel ut dalen. Dette vart ein kjempedag likavel! GPS viste over 2200 hm, korrigert til 1900 etter kartlesing.

Over skodda på Litl-Snota
Over skodda på Litl-Snota
God stemning og folksomt på Snota.
God stemning og folksomt på Snota.
Meget flott kasse
Meget flott kasse
Frå Grøafjellet mot Snota. Skodda letta på ettermiddagen
Frå Grøafjellet mot Snota. Skodda letta på ettermiddagen
Ida og Mari frå Rindal med Snota bak
Ida og Mari frå Rindal med Snota bak

Kommentarer

  • -
    avatar

    Surnadal.

    Skrevet av BjørnF 15.07.2018 07:37

    Gratulerer :-) Det går unna på Møre og Romsdallista nå. Må være en god følelse å kjenne at snart er det store prosjektet i mål.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.