Vesla Grånosi (Hausafjellet) (29.07.2017)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Distanse 13,2km
Kart
Bestigninger Vesla Grånosi (1347moh) 29.07.2017

Lærdalstopp i verdsarvområdet dag. Frå Vindedalen, på traktorveg innover på høgre side av elva. Ved ca 240 moh. går det merka sti opp til Hovudunga, eller Vindedalstølen, som den også er kjendt som.

Så var det å skrå oppover i terrenget. Valde å gå på nordsida (høgre) sida av fjellet, og opp i skaret melom dei to toppane. Det gikk fint. Toppunktet på vestsida er 1347 moh. men har ikkje varde. Det austlege toppunktet som er 1307 meter har varde. Der sat det ein flott storfugl, som viste seg å vere ein Falk. Du ser den på hovudbiletet.

Frå Vetle Grånosi kjem ein tett på det maiestetiske Bleia-massivet. Frå denne sida ser ein Lemeggi, som når nesten opp i 1700 meters høgde frå fjorden. Sognefjorden, er også på de djupast her, med vel 1300. På Lemeggi hadde Arne Ness fyrste bestigninga, kort tid før han omkom i ei ulukke.

Vidare tilbake gikk eg over fjellet austover. Fleire vardar viste veg på denne sida. Fin utsikt nedatt mot stølen. Slik vart det ein rundtur med utgangspunkt i Vindedalstølen. Alltid kjekt å utforske meir av fjella, enn å gå i fotspora tilbake :)

I dette området er det plass til fleire. Kan også tilrå å gå vidare opp til varden på topplatået over Lemeggi. Så kan ein følgje ein rygg nedover mot Geitevatnet, og ta ned til hytta på Li, ca 600 moh. i Vindedalen.

Turen tok 2:15 min opp og 1:23 på returen. Fin fin tur med 1350 meter stigning. Slit framleis med appen til Peakbook. Fungerte fint dei 13 fyrste turane. Har ikkje fått den til på dei sju siste. For prøve å slette, og laste inn ein ny versjon.

Hausafjellet sett frå nordsida.
Hausafjellet sett frå nordsida.
Røysa opp mellom toppunkta.
Røysa opp mellom toppunkta.
Utsikt inn Årdalsfjorden.
Utsikt inn Årdalsfjorden.
Bleiafjell som stuper ned i Sognefjorden. Sett frå Vesla Grånosi (høgaste punktet på Hausafjellet)
Bleiafjell som stuper ned i Sognefjorden. Sett frå Vesla Grånosi (høgaste punktet på Hausafjellet)
Sognefjorden vestover mot Balestrand. Ein ser også Frønningan, Fresvikbreen,og kan sjå innløpet til Aurlandsfjorden.
Sognefjorden vestover mot Balestrand. Ein ser også Frønningan, Fresvikbreen,og kan sjå innløpet til Aurlandsfjorden.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.