Hornindal Rundt 2017- Eit flott løp å anbefale :) (04.05.2018)
Skrevet av Eikås (Janne Eikås)
Startsted | Grodås (69moh) |
---|---|
Sluttsted | Grodås (69moh) |
Turtype | Løpetur |
Distanse | 75,0km |
Høydemeter | 5600m |
GPS |
![]() ![]() |
Bestigninger | Gulkoppen (1306moh) | 04.05.2018 |
---|---|---|
Høgenibba (1192moh) | 04.05.2018 | |
Muldsvorhornet (945moh) | 04.05.2018 | |
Sandfjellet (1177moh) | 04.05.2018 |
Hadde tenkt å legge ved sporlogg på løpet, den må redigerast litt, fordi biltur ifrå Jølster er komt med. Der går jammen grensa...Logg kjem seinare! Tenkte eg kunne skrive litt om totalen og i forkant av løpet utifrå min ståstad. Dette for dei som har tenkt tanken på å delta, det er ingen "Hokus Pokus" kanskje nokon kan gjere seg litt nytte av info. alt er individuelt. Men litt grunnform er greit å ha! Det fine er at om ein ikkje greier heile løpet, så går det supert med halve :)
Tida mi på dette løpet vart 12.48.56
Har tenkt lenge, nokre år på at eg ville prøve dette løpet! Fordi eg alltid har likt å springe i naturen. Har vore med på ein del motbakkeløp, men har tenkt mest på dei lange løpa. Så tenker ein jo at ein ikkje har form til å delta på eit så langt løp som på 75 km/Ultraløp. Dette er nok eit småløp likevel, iforhold til mange andre løp i andre land. Men det er då ein begynnelse i vårt fantastiske fjell land :)
Bestemte meg for å delta for 2,5 veker sidan. Då hasta det brått å få inn nokre lange fjelløkter for å tilvenne kroppen litt lengre distansar ilag med litt hm. Grunnform har eg, det hjelper litt men kanskje ikkje nok om ein tenker konkurranse! Eg droppa motbakkeløpet Storehesten, reiste inn til Hornindal og tok eit testløp på halve siste løpet, noko som eg hadde igjen for på løpsdagen. Sidan fekk eg til to dagar etter kvarandre med ca 55 km og 3000 hm. I tillegg eit kort motbakkeløp på Alden, ei veka i forkant. Rolige turar med ca 700 hm og "hendene bak på ryggen", med ein kviledag siste dagar inntil løpet.
Men min magefølelse sa at dette var jammen litt i hurten og sturten! Ein soledag på terassen, med eit hardt underlag dagen i forkant. Gjorde til at eg fekk ein irritasjon i ein slitasje eg har i nederste korsrygg. Det gjorde så pass utslag på jobb dagen etter at eg måtte ha hjelp til å knyte skolisser. Då tenkte eg vel at løpet var køyrt! Etter forslag tok eg nokre paracet og tanken på halvt løp fekk duge, men dette var då jammen utgjort! Iløpet av turen til Hornindal var faktisk ryggsmertene smuldra vekk! Snakke meg om lykke :)
På Knausen hyttegrend/Hornindal var det triveleg å få ein kveld ilag med løpsvenn Arild og resten av Os Ultraklubb. Men det skulle vise seg at med overnatting i eit gammalt hus utan isolasjon, så er vi inne på risikosport! Når endelig ryggen var på plass, så skulle eg.....@@@ måtte slite med ein engelskmann si etterkvart kjente snorking i leiren og mine eigne spente nerver! Kl 04.00 var også fuglane i Hornindal begynte si morgenstund! Då hadde eg gitt opp håpet om å fullføre 75 km. Var komt i tanker om å stille som heiagjeng på halve løpet, for deretter berre å gå å legge meg! Heilt til Arild sa... at du gjere ditt beste løp utan søvn, det er dagane i forkant som gjelder. Du skjerper deg når du kjenner det som verst! Eg trur faktisk at han hadde rett :)


Kost og ernæring er alltid det store spørsmålet! Der er det også temmelig individuelt... Dagane i forkant åt eg som normalt, men pressa på nokre ekstra is :) Havregrynsblanding, ei banan og nesten ein halv liter kaffe som vanleg på løpsmorgon. Under løpet fekk eg i meg 2,5 grove skiver med 2 cm sjokadepålegg, ei banan, kvitostbitar, Nordfjord mørpølser, 2 sportsgel, eindel cola og vatn ifrå bekkane undervegs. Matlysta var ikkje så stor, fekk i meg passeleg men eigentlig for lite væske i frå bekkane. Lurt å ha med eigen liten plast kopp, så sparer ein tid på å legge seg ned å slurpe ;) Plastkopper er påbudt i sekken i andre land/løp. Motbakkeløpa her heime forbrukar store mengder papp/plast koppar som blir kasta for at løpar skal spare vekt! Eigentlig ganske forkastelig!

Kommentarer
Gratulerer så mye igjen!
Skrevet av Fjellsamleren 18.07.2017 19:03En utrolig rå innsats, Janne :) Veldig interessant å lese. Jeg måtte lukke øynene litt etter jeg leste om fyren som holdt deg våken med snorking. Det siste man ønsker når man absolutt trenger hvile. Det er til å grine av. Ellers veldig spennende å følge deg på turene dine. Treffes vi på årets PB-treff? :)
Sv: Gratulerer så mye igjen!
Skrevet av Eikås 23.07.2017 18:16Tusen takk Endre :) Eg må nesten le av heile greia i ettertid :) Men det var faktisk til å grine av då!! :) Det skulle ha vore forska litt meir på snorking...det må då være eit aldri så lite samfunnsproblem generelt :) :) Lyt prøve å være med den helga...fint i sunnmørsfjella! Berre å håpe på fantastisk ver då :)
Gratulerer!
Skrevet av Freeflex 14.07.2017 14:33Artig å lese om heile "prosessen". Eg fulgte med deg live store delar av vegen også sidan eg kjente igjen navnet frå Peakbook og du kniva med ein fetter av meg store delar av løpet.
Sv: Gratulerer!
Skrevet av Eikås 14.07.2017 19:50Takk til deg :) Så artig :) No lurer eg litt på kven av dei som var fetteren din? :) Vi var fire som berre landa i ei god gruppe inn mot siste halvdel av løpet! Vi køyrde på, vi småprata og vi berre hadde eit jamt sluttløp ilag mot mål :) Tilfeldigheiter...men likevel så kjekt å tenke på i ettertid :)
Sv: Sv: Gratulerer!
Skrevet av Freeflex 15.07.2017 02:33Bjørnar Liaskar heiter han. Med tanke på at han ikkje har vore nokon direkte fjellfant eller kondisgris før nylig imponerte han meg stort i ultradebuten sin. :)
Sv: Sv: Sv: Gratulerer!
Skrevet av Eikås 15.07.2017 09:05Då har eg plassert dei to karane :) Eg er like imponert! også fordi det var han som drog så jevnt og trutt store deler av løpet. Du må helse han så kjempe masse :) Håper han likte dette :)
Sv: Sv: Sv: Sv: Gratulerer!
Skrevet av Freeflex 15.07.2017 12:51Eg har inntrykk av at dette berre var starten. Akkurat no er han i sydligare strok og rekonvaleserer ;)
Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Gratulerer
Skrevet av Eikås 16.07.2017 15:58Den er fin :) Skal bli kjekt å følge med ;) Ein fin sommer til dåke :) :)
Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Gratul
Skrevet av Freeflex 16.07.2017 17:02Fortsatt god fjellsommar! :)
rått!
Skrevet av kobbenes 14.07.2017 12:16Imponerande innsats og artig rapport! Det hadde vore kjekt å prøvd seg ein gong, men per i dag har eg ikkje grunnlaget trur eg. Kva intensitet ligg du på under løpet, ca puls? Kor mykje springing vert det i oppoverbakkane?
Sv: rått!
Skrevet av Eikås 14.07.2017 19:18Takk for det Kristian :) Har du det i tanken, er du med til neste år :) Men, eg kjenner meg att i tankesettet ditt :) :) Ein anna som eg kjenner i dette miljøet, hadde ein fornuftig plan om å berre delta første gang for å sjå kva dette var. Ingen ambisjoner! Det er igrunn fornuftig tenkt, om ein har ein liten konkurranse i magen eller berre lysta på å teste seg sjølv i fantastiske vestlandsfjell :) Det finnast ingen fasitsvar på korleis den enkelte velger å nyte naturen på :) Eg droppa klokka og alt som minner om tid og puls, og hadde eit fokus på at det var eit sabla langt løp å disponere kreftene på. Det er ikkje som Skåla eller Fannaråken dette, ein går inn i si eiga boble og jobber! Samtidig som konkurranse instinktet slår inn, og driver deg akkurat til grensa for å ikkje gå på ein smell :) Oppoverbakker til nokre av hovudtoppane var det ikkje snakk om å springe for min del, det er ganske bratte stigninger. Jamt og trutt med overskudd er nok ei god greie :)
Sv: Sv: rått!
Skrevet av kobbenes 14.07.2017 20:05Takk for det, Janne. Eg er litt tiltrekt til slikt samtidig som eg ikkje har springe så innmari mykje, eit par dagar i veka for å holde grunnforma. I fjord gikk eg på ein smell med ein 3mils treningstur med for høg intensitet, medan 4 mil rask gange i Rondane gikk fint seinare same sesong. Så eg har respekt for 7 mil og tusenvis av høgdemeter, for å seie det slik. Uansett rått og sjå på dykk som gjennomfører dette :-)
Tittel mangler
Skrevet av JPV100 13.07.2017 19:40Gratulerer igjen med eit flott løp, og bra plassering! Det er jo nesten slik at ein får lyst til å slenge seg med neste år...! :)
Sv:
Skrevet av Eikås 13.07.2017 22:20Takker Jan Petter :) Dette er jammen løp som passer fjellfanter :) :) På mange løp føler eg ofte at ein knapt har begynt, før det er over!! Vi får satse til neste år :) Du får ha ein superfin sommerferie :) Eg begynner no til helga med bestilt godvær og varme :)
Grattis
Skrevet av SturlaS 12.07.2017 23:03Imponerende!
Sv: Grattis
Skrevet av Eikås 13.07.2017 19:24Tusen takk Sturla :) :)
Tøffing
Skrevet av otto 12.07.2017 22:53Imponerende av en godt voksen Jølster-dame..
Sv: Tøffing
Skrevet av Eikås 13.07.2017 19:37Takk Otto :) Ja, no må eg berre ærleg innrømme at eg føler meg som godt vaksen i møte med 23 års klassen + Eg er igrunn fornøgd ;) :)
Sv: Sv: Tøffing
Skrevet av otto 13.07.2017 21:30Litt svakt av gutta å ikke krype under 10 timer. Ps Syv Søstre i Nordland er rekorden 3.5 time. (Det er skikkelig KRUTT)..
Sv: Sv: Sv: Tøffing
Skrevet av Eikås 13.07.2017 22:48Ja, litt svakt av gutta iår :) Då er det staselig å sjå tidene til Skjervheim, Hovdenak ++ og ikkje minst tida til Malene Blikken Haukøy på tida 10.32 i 2016. Men 3.5 timer på Syv Søstre er heftig!! Spennande...no må eg inn å google :)
Råskinnet Janne...
Skrevet av opps 12.07.2017 22:13Gratulerer Janne så mye, du er et råskinn som takler det meste. Flott rapport som inneholdt både humor og alvor.
Sv: Råskinnet Janne...
Skrevet av Eikås 13.07.2017 20:12Tusen takk Oddveig :) Eit fint liv...konkurransen ligg nok bittelitt i blodet :) Samtidig som det er eit utruleg inkluderande godt løpsmiljø på tvers av alder som ein setter så stor pris på. Som i vårt fjellmiljø :) :)
Råtass
Skrevet av Atomsilda 12.07.2017 21:57Gratulerer igjen Janne! Tenkte at jeg skulle si...Neste år skal jeg "gruse" deg ;) men vet at da må jeg finne ungdommens kilde...Liten sjanse for det akkurat for mitt vedkommende, men moro å se at du presterer så bra... Tror nok neste gang når vi skal på tur sammen,- må få deg en større sekk...for å bremse deg litt ;)
Sv: Råtass
Skrevet av Eikås 13.07.2017 20:19Takker Jørn :) Jaggu godt med nokre glimt av ungdomskilder av og til....håper dei varer til laaangt over 100 ;) :) Gleder meg til neste fellestur uansett :)