Gjegningheia (27.06.2017)

Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Startsted Gursli (148moh)
Sluttsted Gursli (148moh)
Turtype Fottur
Turlengde 10t 30min
Kart
Bestigninger Gjegningheia (553moh) 27.06.2017
Gullbergknuden (485moh) 27.06.2017
Rotneknuten (525moh) 27.06.2017
Solknuden (422moh) 27.06.2017
Storeknuten (471moh) 27.06.2017
Surteknuten (469moh) 27.06.2017
Andre besøkte PBE'er Gursli Gruver (340moh) 27.06.2017
Hattesteinen (512moh) 27.06.2017
Lilandsgruvene (400moh) 27.06.2017

Parkerte på skilta p-plass litt sør for Gursligardane. Gjekk på god taktorveg et stykke oppover mot Gullvatnet. Fulgte så merka sti til Gullbergknuden som har eit par klyvepunkt i vestsida med utlagt vaier til å halde seg i. Flott utsiktstopp med vardebok. Vidare vestover er det merka sti til Hattesteinen og Gjegningheia, men stien blei stadig meir utydelig så eg mista den i det høge graset. Hattesteinen var dog godt synlig på avstand så lett å finne fram. Det er to steiner som ligger oppå kvarandre på ein fjellrygg. Gjekk så opp på Jegningsknuten som og har vardebok, og hadde der ein lengre pause. Herfrå gjekk eg på merka og tydelig sti ned til Gullvatnet og Gursligruvene. Gjekk ikkje inn i gruvene, men var der på omvisning i februar 2011. Då var det store istapper ved gruveinngangane.
Frå vestenden av Gullvatnet er det merka sti både langs nord- og sørsida av vatnet til Gursli, men eg gjekk vidare sørover opp på Surteknuten. Denne toppen er ifølge ØK 3 m lågare enn oppgitt på 1:50'. Gjekk så nordaustover til Storeknuten før eg gjekk sørover langs Langvatnet til Lilandsgruvene. Desse gruvene inneholder Molybden og var i drift rundt 1. verdenskrig. Frå denne gruva går det grusveg som eg fulgte ned til fylkesvegen. Tok så ein tur oppom Solknuden som har to omtrent like høge topper. Sørtoppen er nok hårfint høgast. Gjekk til slutt fylkesvegen ned til Gursli.

Godt skilta turstiar frå Gursli.
Godt skilta turstiar frå Gursli.
Fin traktorveg oppover.
Fin traktorveg oppover.
Bratt sørstup på Gullbergknuden.
Bratt sørstup på Gullbergknuden.
Godt merka sti i sør- og vestsida opp til Gullbergknuden.
Godt merka sti i sør- og vestsida opp til Gullbergknuden.
På Gullbergknuden med utsyn over Lundevatnet.
På Gullbergknuden med utsyn over Lundevatnet.
Vestover mot Gjegningheia.
Vestover mot Gjegningheia.
Tilbakeblikk mot Gullbergknuden.
Tilbakeblikk mot Gullbergknuden.
Hattesteinen.
Hattesteinen.
På Jegningsknuden med utsikt nordover.
På Jegningsknuden med utsikt nordover.
På veg ned mot Gullvatnet med Storeknuden i midten bak.
På veg ned mot Gullvatnet med Storeknuden i midten bak.
Den eine gruvegangen i Gursli Gruver.
Den eine gruvegangen i Gursli Gruver.
På Surteknuden med Storeknuden rett bak og Gullbergknuden t.v.
På Surteknuden med Storeknuden rett bak og Gullbergknuden t.v.
Infoskilt om gruvene i området.
Infoskilt om gruvene i området.
Lilandsgruva.
Lilandsgruva.
Trigpunktet på Solknuden med utsyn nordover.
Trigpunktet på Solknuden med utsyn nordover.
Sørvestover mot Voreknuden og vindmøllepark.
Sørvestover mot Voreknuden og vindmøllepark.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.