Rauma: Kjøsen og Urhaugen (13.05.2017)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Skare (220moh)
Sluttsted Skare (220moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 4t 25min
Distanse 14,8km
Høydemeter 1474m
GPS
Bestigninger Kjøsen (1117moh) 13.05.2017
Urhaugen (1187moh) 13.05.2017

Møre og Romsdal pf 100 1030/1156

Etter 2 dagar med 4-milsturar var eg glad for at dagens prosjekt var ein forholdsvis kort og enkel tur. Kjøyrde forbi betalingskassa og parkerte litt lenger framme på ein stor plass etter avtale med ein kar eg snakka med. Bommen var åpen, så eg kunne faktisk kjøyrt heilt opp til brua før sætra. No hadde eg ikkje cash heller, så då vart det litt gåing utan at det er noko problem. Tok på skia 100 meter etter at eg forlot veien ved brua. Snøen oppover var tildels råtten når eg runda rundt i solsida mot Kjøsen. Glad eg tok denne først. Sette igjen skia siste 50 hm. Ned sida mot Store Måsvatnet var det ikkje noko godt skiføre, og over myrane akkurat nok til at eg kom meg igjennom. Det er ei lita bru i utosen til vatnet, lett å krysse der. Peila meg inn opp bratte sida mot Urhaugen. Her var det hardt og godt å gå, sola hadde ikkje varma her så lenge. Veldig triveleg på Urhaugen, vindstille og flott temperatur. Og nedkjøyringa her var rett og slett lekker. Sjølv med lave stoffsko vart det ein snasen telemarksignatur nedover sida. Kunne renne heilt til Skarsætra. Rett og slett ein kjempeflott tur.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.