Rauma: Skirifjellet, Skarvskaregga og Alterhøa (28.04.2017)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Sjugurdgarden (710moh)
Sluttsted Sjugurdgarden (710moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 8t 32min
Distanse 34,3km
Høydemeter 1879m
GPS
Bestigninger Alterhøa (1573moh) 28.04.2017
Skarvskaregga (1488moh) 28.04.2017
Skirifjellet (1480moh) 28.04.2017
Nordre Skirifjellet (1481moh) 28.04.2017

Møre og Romsdal pf 100 1016/1156

Glimrande ver då vi starta turen. På Skirifjellet friskna det på med vinden, ganske kaldt og utriveleg. Etter Skarvskaregga var meininga at eg skulle vente på dei andre før vi starta på stigninga til Alterhøa. Vel nede på 1000 m i skaret var det ikkje den påskestemninga eg hadde håpa på. Sur vind og overskya. Tok på stilongsen og alt av kle, likavel var det ikkje muleg å vente der ein times tid medan Torleiv og Jan Petter gjekk over Midthøa. Starta derfor å gå svært roleg mot Alterhøa. Kunne sjå dei andre som kom glidande nedover frå Midthøa. Det tok litt tid fordi det var mykje motbakkar der! Berre kort stopp på Alterhøa. Returnerte langs sporet mitt der eg venta dei andre skulle kome gåande. Berre Jan Petter kom. Torleiv valgte å returnere til bilen. Vi kom derfor enslige til parkeringa alle 3. Ingen problem det, alle var godt fornøgde med turen og dagen.

Turstart med flott ver, noko som endra seg litt utover dagen.
Turstart med flott ver, noko som endra seg litt utover dagen.
Torleiv og Jan Petter på vei mot Skirifjellet, dagens første. Vi gjekk opp Sandløyfta.
Torleiv og Jan Petter på vei mot Skirifjellet, dagens første. Vi gjekk opp Sandløyfta.
Snart oppe forbi bratta i Sandløyfta.
Snart oppe forbi bratta i Sandløyfta.
På Skarvskaregga. Her skilde vi lag. Eg var på Midthøa i haust, og glei derfor tilbake ned dalen mot Alterhøa.
På Skarvskaregga. Her skilde vi lag. Eg var på Midthøa i haust, og glei derfor tilbake ned dalen mot Alterhøa.
Frå Skarvskaregga mot Bjørnegga til venstre og Hånådalstinden til høgre
Frå Skarvskaregga mot Bjørnegga til venstre og Hånådalstinden til høgre

Kommentarer

  • -
    avatar

    ein kan ikkje gjere anna

    Skrevet av kobbenes 02.05.2017 22:39

    enn å beundre innsatsen til noregs argaste toppsamlar!

    • -
      avatar

      Sv: ein kan ikkje gjere anna

      Skrevet av boven 02.05.2017 22:50

      Ja Kroksleiven er ein fæling. Mykje moro med han på tur.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.