Oppdal/Sunndal: Ottdalskammen, Klingråkkammen, Somrungnebber (11.03.2017)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Storlia parkering (620moh)
Sluttsted Storlia parkering (620moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 7t 45min
Distanse 37,6km
Høydemeter 2033m
Kart
Bestigninger Klingråkkammen (1697moh) 11.03.2017
Ottdalskammen (1569moh) 11.03.2017
Østre Somrungnebba (1696moh) 11.03.2017
Øst for Østre Somrungnebba (1621moh) 11.03.2017
Johan og Gunn ser mot Innerdalstårnet
Johan og Gunn ser mot Innerdalstårnet

Møre og Romsdal pf 100 1009/1156

Gunn kom frå Surnadal. Vi plukka ho opp ved butikken på Lønset og kjøyrde til Storlia. Kom oss avgarde frå parkeringa ca 1000. Johan smurde skia med blå extra. Det fungerte glimrande innover dei oppkjøyrde løypene mot Tovatna. Tok av frå løypa og gjekk over vatnet og mot Kråkskaret. Litt vind på toppane, først Ottdalskammen. Så vidare gjennom Kråkbotnen og opp til Klingråkkammen. Tredje topp vart Østre Somrungnebba. Eg satte frå meg skia og gjekk den harde snøbakken til topps. Veldig fin topp, tydeligvis lite besøkt ut frå det ein kunne lese i boka. Det hadde no skya til ein del og vi frykta blindeføre på heimveg. Blindeføre var eit nytt ord til stor glede for andre i turfølgjet. Frå siste topp 1623 Ø for Østre Somrungnebba vart det ein prøvelse av ei nedkjøyring ned til Tovatna. Blindeføre og delvis vanskeleg snø. Kom tilbake på parkeringa ca 1800, det stod berre ein bil igjen der. Flott tur og 4 nye toppar i baggen. 147 igjen.

For GPS-spor sjekk turen til Johan: https://peakbook.org/JoSo/tour/203011/Ottdalskammen%2C+Klingr%C3%A5kkammen+%26+Somrungnebber.html

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.