Etter gårdsdagens fine toppar ved Sandane, var eg klar for rundtur i fjella ved Røyrvikstøylsvatnet og Hyen. Føret visste eg ville bli ei utfordring og valgte å ta med stegjern. På sommarstid kan eg sjå at det er ein grei tur. Ei litt ekstra utfordring på denne turen i dette terrenget var akkurat føret no! Det var fonner og glasert hard snø. Alt kan virke tilsynelatande...Starta innerst ifrå Røyrvika, ved den siste trivelig bonde der og med felles bekjente i tur og bondelag. Trur vi diskuterte landbrukspolitikk ein halvtime før eg kom meg på gang, men det er jo dette som er kjekt :) Etter siste fossekryssing før eg skulle ta av mot Bruraknappen, sklei eg brått og landa på baken i svaisen og fekk mitt første ufrivillige bad...@@ Eg forbanna rett og slett ein så tåpelig ting med ei kløyvd nagl og lurte virkelig på kor fokuset og erfaringa var reist!!! Sidan gjekk turen nesten stille og roleg for seg, på brodder i sol og hærleg vær opp til Selda. Vindstille på toppen og ikkje eit menneske å sjå... studerte kartet vidare nedover og tenkte at det kunne bli stegjern. Eg fekk bruk for dei og sparte meg for ein segletur i vatnet. Sidan var det supert å luffe avgårde på skaresnø mot Storefjell og Nibba. Bestemte meg for ein skapleg matpause med Lusterbrød og julemarsipan i sola, eg storkosa meg virkelig :) Utruleg kor kjekt ein kan ha det i sitt eiget selskap!!
Rett og slett berre ein nydelig dag med storslått utsikt til Ålfotbreen (Ålfotbreen landskapsvernområde) Gjegnalunden med mykje meir, og det er eit heilt unikt landskap der ute!
Det er jammen ei gode å kunne få lov til å bruke energien sin i fjella! Når ein begynner å få ærfaring og kompetanse er det lett for at ting går over til autopilot!! Heldigvis får ein seg nokre fine tilbakeslag i frå naturen, der ein blir dukka i nokre kulper i ei enkel elvekryssing :) Ein fin påminnelse om å respektere og skjerpe sansane!! Det handler om å spele på lag! Men ein anna ting er at dette fine livet har du levd lenge :)
Kommentarer
WOW
Skrevet av Irva 07.02.2017 09:52Kort og godt,du er en råtass :) Litt misunneleg kanske også :)
Sv: WOW
Skrevet av Eikås 07.02.2017 22:58Det er jammen ei gode å kunne få lov til å bruke energien sin i fjella! Når ein begynner å få ærfaring og kompetanse er det lett for at ting går over til autopilot!! Heldigvis får ein seg nokre fine tilbakeslag i frå naturen, der ein blir dukka i nokre kulper i ei enkel elvekryssing :) Ein fin påminnelse om å respektere og skjerpe sansane!! Det handler om å spele på lag! Men ein anna ting er at dette fine livet har du levd lenge :)