Lundeskaret har fått si offisielle opning og som norges brattaste tilrettelagte sti. Den var ei viktig ferdselsåre i si tid mellom Sunnfjord og Sogn. https://www.nrk.no/video/PS*281757
Nydeleg søndag og ein av dei siste dagane i september med sommertemperatur. Då er det kjekt å lage sin eigen miniekspedisjon i nærmiljøet uten store kostnadar, planleggingar og rask beslutning. Søndagsmorgen starta med promillekontroll og med kjent "friluftspolitimann" Låglandet og ikkje høgfjellet i dag ser eg...men du lyt nok blåse allikevel! :) Vi starta ifrå nordsida ved Kjøsnesbrua og hadde tenkt dette som ein fin kombinasjonstur med padling og fjelltur. Det er noko som eg har stor sans for, sidan eg er ei rastlaus sjel og ting må ha raske variasjoner! Det vart ein nesten 2 mil padletur totalt og heldigvis litt høgdemeter og nokre km terreng! Det var reine folkevandringa og til dels kø i stien opp til Lundeskaret denne dagen. Utruleg kjekt å sjå så mange på tur. To som klatra fjellet, advokat og kjentfolk i arbeidsantrekk i forbifarten og på veg heim, det er vel ikkje myr der oppe? er litt nysgjerrig på den stien :) Men då neste turfølge vandra forbi, tenkte eg dette er Trolltunga to...80 stk registrert i Jølster sin fjellpost i Lundeskaret denne dagen.
Nydeleg dag og ingen tidsfrister.
Takker for fin tur Brit Siv Fimland og Ingvald Kvåle
Den er markant og skjærer ekstremt i den flotte og ville naturen i dette området. Men ein positiv ting er at den faktisk kan nyttast som trygg gangsti!!
Kommentarer
Tittel mangler
Skrevet av ligroenb 19.09.2016 22:42ååå skulle gjerne vært med!