Etter turen til Bjørndalshesten og Kvitanosi dagen før kjørte eg anleggsvegen frå Trefall mot Holskarvatnet. Vegstandarden var god, men det låg snø over vegen i svingen mot Holskardvatnet. Hadde ikkje behov for å kjøre så langt så eg snudde og kjørte litt sørover igjen. Begynte rundturen mellom Gavlavatnet og Skjerjavatnet og gjekk med klokka over Gavlafjellet, Sørdalsfjellet, Hellesåta og Askjellfjellet. Traff på 3 rypejegere i Skorvadalen og dei hadde visst fått ei rype. Det var nok deira skot eg haurte då eg va på Gavlafjellet. Klart ver med optimal utsikt og frå Gavlafjellet og Sørdalsfjellet kunne eg lett sjå Hurrungane og Galdhøpiggen med kikkert t.v. (nord) for Fresvikbreen. Dagen etter gjekk turen til Skjerjavasshovden og nabotopper.
Kommentarer