Fjelltrim i Jølster og Pissaren! (18.08.2015)
Skrevet av Eikås (Janne Eikås)
Startsted | Søgnesand (219moh) |
---|---|
Sluttsted | Søgnesand (219moh) |
Turtype | Fjelltur |
Distanse | 8,0km |
Høydemeter | 670m |
Har høyrt mykje om den, men aldri blitt tur der iløpet av alle åra eg har budd i Jølster. Derfor er det ein god ting med fjelltrimpostar i Kommunane og den dugnaden som blir lagt ned her i Jølster er berre super på det. Men den rekk stort sett berre litt av lokalbefolkninga i dette tiltaket. Kommunen vår er dårleg på å merke, tilrettelegge på lågterskelnivå og til dels gjere kjent kva som finnast av naturperler for lokalbefolkning og turistar. I det vi kan kalle ein fjellkommune der vi også er eindel av storslåtte Jostedalsbreen Nasjonalpark i ein vill og nesten urørt natur, som etterkvart er ei svært ettertrakta vare. Jølster ligg også som eit knytepunkt med E-39 gjennom det heile. Denne turen og området er spesiell og ei utruleg flott naturperle!
Benutzerkommentare