Gryvla er kremtopp! (06.08.2015)

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjelltur
Distanse 10,0km
Høydemeter 507m
Kart
Bestigninger Gryvla (1197moh) 06.08.2015
Til å vere så nær hytta er det ille at eg ikkje har gått fleire turar i Heiådalen. Dei gongene eg har vore på Brattefjell, har eg alltid gått frå Sudbøsida. I dag køyrde vi til Slettevad, gjekk så bomvegen inn forbi Geiterov og Vierdokki og bratt opp til Geitenuten. Nydeleg gamalt stølslandskap! Vi gjekk til høgre for Skinnuten og følgde stig eit stykke, men mista stigen og følgde så liene bortover utan stig til vi vel kom til Djupedokk. Vi krongla oss rett opp kvæven under Springarnuten frå aust, og følgde derifrå fin stig oppover langs topprekka. Flott toppunkt, fabelaktig landskap og utsyn. Dessverre litt lågt skydekke innimellom, slik at vi ikkje såg Svafjell og Brattefjell, men hadde ganske god koll på det nære. I toppboka fann vi godt representert kollega med foreldre som har hytte rett aust for toppen. Rasta lenge der oppe, gjekk så toppane og ryggen sudover, flott stig heilt til Skinnutjønni, og derifrå gjekk det også fin stig rett ned til Geitenuten-staulen. Det var ruta vi skulle ha følgt opp! Grått vêr, lett yr og nesten regn dei siste par kilometrane. Flott tur. 10 km, 4 timar inkludert lang pause, og 507 hm. Marit, Tom og Uncas var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.