Min fyrste nasjonstopp! (27.03.2011)

Skrevet av HåkonL (Håkon Lie)

Kart
Bestigninger Ta'Dmejrek (253moh) 27.03.2011

Litt rart at min fyrste nasjonstopp vart Malta, men like moro! Etter ein lang skisesong var det tid for litt ferie og avslapping. Det frista med varmare strøk, og norwegian hadde rimelege billettar til Malta. Eg ringa Victoria og spurde om ho ville vere med, sjølvsagt ville ho det. Ho var mest interessera i sol og varme, og eit håp om å få litt farge. Eg på mi side var vel så oppteken at det var eit nytt land og at det var moglegheit for min fyrste nasjonstopp. Etter å ha slappa av med bassenget nokre dagar, var det tid for topptur. Eg hadde gjort ein del førebuingar, og hadde gjort meg kjent med kva for buss me måtte ta og kor toppen låg. Det gjekk overraskande lett å finne fram, me hoppa berre på buss nr. 81 og den køyrde oss heilt til topps. Me hoppa berre av når det såg ut som om me var på det høgaste punktet. Det var ikkje så veldig mange andre turistar som skulle av her, men desto betre. Toppen er ganske lett å kjenne att med den karakteristiske kuppelen. Etter å ha gått rundt overalt for å vere sikker på at det høgaste punktet var nådd, var det å kome seg på bussen ned att og nyte god mat i Valletta. Det vart også tid til litt meir soling før me tok turen heim att til Noreg. Det var eigentleg overraskande varmt her i slutten av mars og veldig hyggelege og hjelpsamme folk på Malta.

Toppen i seg sjølv er veldig lett og er vel ein såkalla sandaltopp. Men likevel var det moro å stå på det høgaste punktet i eit land. Det vert heilt klart fleire nasjonstoppar.

Min første nasjonstopp!
Min første nasjonstopp!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.