Arkiv - dato
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Ulvenfjellet og Mikkelsvatnet
- Dato:
- 24.04.2021
- Turtype:
- Spasertur
- Turlengde:
- 4:00t
- Distanse:
- 3,1km
Med familien på ukjende stiar i dag - 7 grader og lettskya. Parkerte ved Os Knuseverk, og gjekk ein rundtur til Ulvenfjellet, ned til Mikkelsvatnet, og attende over Ådnedalsmyra. Stien opp var fin å gå, og sidan det er mange daude tre i området, så det er også mogleg å få litt utsikt mot sør og aust. På toppen er det derimot ikkje så mykje utsikt å snakke om, og med unntak av ein steinknaus på toppen, er det ikkje mange fine stader å slå seg ned. Det skya til og blåste opp litt, så det var på grensa til surt å sitje der. Stien ned til Mikkelsvatnet var bratt og våt, men vel nede ved vatnet var det lunare og hakket meir barnevennleg enn Ulvenfjellet. Over Ådnedalsmyra var det veldig bløtt - har bør ein ha støvlar eller høge fjellsko. Over myra var det ingen sti, og terrenget >>>