Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Vigler og Støvelbekkhøgda

Dato:
30.03.2024
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
7:30t
Distanse:
39,8km

Sjølvaste påskelørdagen blei det endeleg realt påskevær også i Vauldalen, og planen om ein repetisjon av ekspedisjonen frå påska 2019 kunne realiserast, denne gongen solo. Einaste endring frå turen for 5 år sidan var ein ekstra avstikkar bortom Støvelbekkhøgda. Stort sett storslagent vær og føre, kun avbrutt av tjukk skodden på veg mellom Støvelbekkhøgda og Tverrviglen, og meget hard og vindpåvirka snø mellom Tverrviglen og Midtviglen (Vigltjønnhøgda). Fleier reinsflokker blei observert på turen, og på veg opp mot Viglpiken var det klart at dalførets øvrige påsketurister også hadde stått opp og kome seg ut på ski. Retur via Borgedalsbua og langs tråkka og solpåvirka spor tilbake til Vauldalen med sola i nakken.

Kart    

Storviglen

Dato:
07.04.2023
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
8:54t
Distanse:
32,3km

Langtur på langfredag, med ein av Vauldalens store påskeklassikere som destinasjon. Avtagende vind utover dagen, og til slutt perfekt påskevær! Den eine bindingen ga tapt på tur ned, og returen blei derfor noko meir strevsam enn vanleg.

Kart    

Løålikjølen

Dato:
09.03.2023
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
17,0km
Kart    

Løålikjølen

Dato:
25.12.2022
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
1:07t
Distanse:
10,4km
Kart    

Lort-, Grynnings- og Nonshø

Dato:
21.04.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
6:52t
Distanse:
29,7km

Ein perfekt aprildag for uteaktivitet blei nytta i Storlidalen. Oppdalslosen hadde gode erfaringar frå området på sørsida av dalføret, og med eit litt småhissig skredvarsel den siste tida føltes det fornuftig å oppsøke litt slakare terreng. Med start frå Storlia parkering bar det innover og etter kvart oppover mot Grugguskaret, før vi tok austover og fekk registrert bestigning på ei lita handfull varianter av Lorthø. Vidare over toppen aust for Indre Grynningshø, før vi etter ein lett stakeetappe i spektakulære vinteromgjevnader forserte dei siste metrane opp til Fremre Grynningshø. Her bevilga vi oss ein lengre pause med framifrå utsikt ned til Ottdalen og over til Klingfjellmassivet. Framleis sol og ikkje eit einast vindpust - jakke, bokse og ka anna ein hadde pakka med >>>

Kart    

Viglpiken

Dato:
14.04.2022
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
6:48t
Distanse:
21,7km

Ei fenomenal påskehelge åpna med tur opp til Vauldalens store påskeklassiker, Viglpiken. Inn på nydeleg føre langs tråkka løyper til Borgedalsbua, og derifrå i grovare terreng opp til Viglpiken. Siste metrane til fots, då langrennsski egnar seg dårleg til såpass bratt nedkøyring. Som alltid vakkert utsyn frå toppen i alle retningar, både innover Sverige og oppover mot toppane i Trøndelag.

Kart    

Strengen

Dato:
07.04.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:04t
Distanse:
8,0km
Kart    

Strengen

Dato:
15.03.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
1:14t
Distanse:
7,7km

Effektiv ettermiddagstur opp til Strengen. Til tross for lite snøfall den siste tida var det meget oppegåande køyreforhold på veg ned, no når marssola hadde fått jobba med snøen i fleire timar.

Kart    

Storhornet og omegn

Dato:
11.03.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
5:15t
Distanse:
25,3km

Mykje ugjort i Oppdalsområdet, så ein slik usedvanlig fin fredag i mars blei nytta til skitur i området rundt Storhornet. Sanking av i alt fem smultringar saman med ledsager og lokalkjent aarvag (Steinar Aarvåg) , og fine timar med sol, slake, snødekte fonner, og skarp snø. Valde bort den mest effektive ruteføringa til fordel for ei ekstra nedkøyring frå Storhornet.

Kart    

Løålikjølen

Dato:
27.02.2022
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
0:48t
Distanse:
10,5km

Nok ein vakker vinterdag brukt til å bestige Løålikjølen. Sola byrjar å fortjene tittelen som vårsol, og påvirka både snøen og skiløparen.

Kart