Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Ramstadslottet og Marikollenslottet

Dato:
13.05.2022
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
11,4km
Kart    

Blåhø og Falkfangarhø

Dato:
02.10.2021
Turtype:
Løpetur
Distanse:
29,8km

Ein godt utnytta laurdag med utgangspunkt i Gjevillvassdalen. Fin transport langs godt tilrettelagt sti inn til foten av Blåhø. Kort avstikkar bort til Kamtjønnkollen medan reisefølgjet starta på stigninga til Blåhø. Gjenforening på toppen og retur om eit knippe Svarthamrar og Falkfangarhø.

Kart    

Honnstadknyken

Dato:
28.09.2021
Turtype:
Løpetur
Distanse:
10,4km

Fin trimtur til Knyken ein særs vakker haustkveld. Sola som ledsager heile vegen. Ein relativt kald haustvind prega rasten på toppen, men ellers ypperlige forhold for å sitte å skue litt utover bygda.

Kart    

Bjønnåsen

Dato:
31.07.2021
Turtype:
Løpetur
Distanse:
6,0km
Kart    

Runde vest for Skarvatnet

Dato:
12.07.2021
Turtype:
Løpetur
Distanse:
19,1km

Det skulle komme eit tog frå hovudstaden inn på Berkåk stasjon klokka 13:25 ein mandag, og ombord var ein passasjer som skulle fraktast vidare ned til Surnadal. Med det som utgangspunkt blei det skissert opp ei løysing for korleis ein kunne få utnytta ein solfylt formiddag i området på best mogleg måte, og fasit blei ein tildleg start og ruteføring vest for Skarvatnet. Her blei det ein runde i fint og lettløpt terreng frå Vardhøa i nord til Kvamman i sør. Ein varm og vakker julidag kor eg trudde eg skulle gå klar for klegg, fluer og anna armo som høyrer høgsommaren til, før eg nede ved Gråhåmmårtjønna fekk med meg eit par hundretalls fluer som følgje på resten av turen. Slik blei det minimalt med rasting, og ein relativt effektiv transport over toppane i området. Om dagens >>>

Kart    

Honnstadknyken

Dato:
11.07.2021
Turtype:
Løpetur
Distanse:
17,5km

Trimtur til Honnstadknyken i variabelt vær, til forandring heilt nede frå bommen denne gongen.

Kart    

Soggnebba

Dato:
16.06.2021
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:03t
Distanse:
8,0km

Ettermiddagstrim frå stuedøra og opp til Soggnebba. Nokså blaute stiar etter den siste tidas gråver, men fint på toppen likeså, naturligvis.

Kart    

Østmarka på langs

Dato:
07.05.2021
Turtype:
Løpetur
Distanse:
30,0km

Når ein sit og studerar kart over område ein ferdast ein del i, dukkar det stadig opp idear - nokre meir realistiske enn andre. Når det no vart høve for eit sjeldant besøk til Østlandet måtte det harde prioriteringar til, og fullføring av lista Østmarkas høyeste topper måtte vike for eit anna mål, nemleg å få tilbakelagt heile Østmarkas lengde i eitt stort magadrag. Slik blei det buss til Ytre Enebakk og stistart, med målgang ved Blystadhytta nærmare 30 kilometer unna. Desse metrane blei forsert langs blåmerka turiststiar i variabelt terreng. Delvis langs lettløpt underlag med jevn, fast sti og grusvegar, delvis langs meir utfordrande løpeterreng som myr og ujamn sti med stein og røtter tett i tett. Fint er det uansett gjennom Østmarka, og med blå himmel og vakkert vårver blei det ein fornøyeleg >>>

Kart    

Honnstadknyken

Dato:
14.10.2020
Turtype:
Løpetur
Distanse:
10,3km

Dagens løpeøkt blei lagt til Honnstadknyken da det var meldt blå himmel og full sol denne ettermiddagen. Det skulle derimot vise seg at værmeldarane bomma grovt også i dag, som dei har for vane å gjere. Trim blei det uansett, og til tross for ein blaut sti som syng på sesongens siste vers fekk eg stabla meg opp til toppen og ned att. Om ikkje dette var den siste toppturen til fots i år, så er det i alle fall ikkje langt unna, for vinteren bankar hardt på døra til Trollas fjellheim no.

Kart    

Honnstadknyken

Dato:
06.10.2020
Turtype:
Løpetur
Distanse:
10,3km

Ut på ettermiddagen kom det tilbud om å bli med på tannlegetrim opp til Knyken, og med dårlege utsikter for verbruket resten av arbeidsveka var det berre å slå til. Ein skal dog ikkje ta lett på eit slik tilbud og tru at det er tradisjonelt firmaturtempo det blir lagt opp til når desse to legg i veg, så her var det berre å leggje att så mange gram ein kunne både i sko og oppakning. Frisk bris på toppen, men elles vakre forhold denne oktoberkvelden.

Kart