Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Vigler og Støvelbekkhøgda

Dato:
30.03.2024
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
7:30t
Distanse:
39,8km

Sjølvaste påskelørdagen blei det endeleg realt påskevær også i Vauldalen, og planen om ein repetisjon av ekspedisjonen frå påska 2019 kunne realiserast, denne gongen solo. Einaste endring frå turen for 5 år sidan var ein ekstra avstikkar bortom Støvelbekkhøgda. Stort sett storslagent vær og føre, kun avbrutt av tjukk skodden på veg mellom Støvelbekkhøgda og Tverrviglen, og meget hard og vindpåvirka snø mellom Tverrviglen og Midtviglen (Vigltjønnhøgda). Fleier reinsflokker blei observert på turen, og på veg opp mot Viglpiken var det klart at dalførets øvrige påsketurister også hadde stått opp og kome seg ut på ski. Retur via Borgedalsbua og langs tråkka og solpåvirka spor tilbake til Vauldalen med sola i nakken.

Kart    

Storviglen

Dato:
07.04.2023
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
8:54t
Distanse:
32,3km

Langtur på langfredag, med ein av Vauldalens store påskeklassikere som destinasjon. Avtagende vind utover dagen, og til slutt perfekt påskevær! Den eine bindingen ga tapt på tur ned, og returen blei derfor noko meir strevsam enn vanleg.

Kart    

Løålikjølen

Dato:
09.03.2023
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
17,0km
Kart    

Løålikjølen

Dato:
25.12.2022
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
1:07t
Distanse:
10,4km
Kart    

Viglpiken

Dato:
14.04.2022
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
6:48t
Distanse:
21,7km

Ei fenomenal påskehelge åpna med tur opp til Vauldalens store påskeklassiker, Viglpiken. Inn på nydeleg føre langs tråkka løyper til Borgedalsbua, og derifrå i grovare terreng opp til Viglpiken. Siste metrane til fots, då langrennsski egnar seg dårleg til såpass bratt nedkøyring. Som alltid vakkert utsyn frå toppen i alle retningar, både innover Sverige og oppover mot toppane i Trøndelag.

Kart    

Løålikjølen

Dato:
27.02.2022
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
0:48t
Distanse:
10,5km

Nok ein vakker vinterdag brukt til å bestige Løålikjølen. Sola byrjar å fortjene tittelen som vårsol, og påvirka både snøen og skiløparen.

Kart    

Løålikjølen x 2

Dato:
20.02.2022
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
1:51t
Distanse:
19,8km

Tur til Løålikjølen i så fint vær og på så fint føre at det ikkje var anna råd enn å gjenta løypa ein gong til.

Kart    

Løålikjølen

Dato:
16.02.2022
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
0:53t
Distanse:
10,4km

Kveldstur til Løålikjølen i måneskinn og generelt vakre forhold.

Kart    

Løålikjølen

Dato:
27.12.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
1:02t
Distanse:
10,5km

Sesongens første skitur gjekk opp til Løålikjølen i formidabelt romjulsvær. Litt trå snø, men vakre forhold og etter kvart bra med folk i løypa.

Kart    

Storhåmmåren

Dato:
01.04.2021
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
8,7km

Litt snø og mykje vind prega påskehelga i Vauldalen, så det tradisjonelle besøket til ein eller fleire av Viglane uteblei dette året. Det blei derfor høve til å sikte seg inn på ein av dei mindre, men likevel markante toppane i området, så i strid vind tok vi av skiløypa som går inn til Gruvsjøen og peika oss inn på Storhåmmåren. Fin skare å ta seg inn mot toppen på, om enn litt vel hardt dei siste høgdemetrane. Bra drag i vinden på toppen, og lite snø, men bak den store steinen som står her oppe blei det nok le frå nordavinden til at ein kunne innta den obligatoriske kvikklunsjen før ein balanserte seg ned att til løypa.

Kart