Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Bjønnåsen om Åmotdammen

Dato:
18.09.2020
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
0:39t
Distanse:
6,0km

Ein tur innom Østlandet og gjensyn med vakre Østmarka. Runde frå stuedøra og opp til Bjønnåsen om Åmotdammen markerte starten på denne vakre fredagen i september. Hausten har så smått begynt å innta skogene, og langs lauvdekte stier tok eg meg opp til den vakre utsikta på toppen.

Kart    

Telstadfjellet

Dato:
05.09.2020
Turlengde:
0:57t
Distanse:
9,0km

Frisk start på laurdagen med ein løpetur til Telstadfjellet. Fin profil på løypa; nokså grei stigning opp skogen og flatare når ein kjem over tregrensa. Tydeleg sti heile vegen, men for tida veldig blaut og tungtrødd. Kort pause på toppen med litt betraktning av Snota i det fjerne, bilettaking og notering i toppboka.

Kart    

Naustådalen rundt

Dato:
01.09.2020
Distanse:
37,7km

Når ein heile måndagen satt inne og fekk servert finværet utelukkande gjennom sosiale medier var det dags for å ta saken i eigne hender når sola bestemte seg for å kaste pryd over Nordmøre også på tysdag. I frisk og klår haustluft mønstra eg derfor nede ved Kårvatn, klar for det som ikkje kunne bli noko anna enn ein premiumtur i fjellheimen. Dagens planlagte rute var sterkt inspirert av året 2020s frakkaste smultringnimrod aarvag (Steinar Aarvåg) , som hadde sondert terrenget rundt Naustådalen knappe to veker tidlegare. Med unntak av nokre få modifikasjonar i starten og midtvegs i ruta skulle eg forsøke å gjenta geskjeften, så med ein tettpakka sekslitring på ryggen var det berre å sette i veg. T-merka sti i retning Trollheimshytta tek ein fint opp ei relativt lettgått li som ganske snart kjem >>>

Kart    

Romålihøgda

Dato:
29.08.2020
Distanse:
13,1km

Ein laurdag med variabelt vêr blei benytta til å huke av Romålihøgdin saman med eit knippe andre toppsamlarar. Opp stien gjennom hogstfeltet som fører til Ja-Benken. Vi innsåg at vi hadde gått litt for langt bortover lia, så det blei heilomvending, og etter litt fann vi raudmerka sti rett opp ei særdeles bratt li opp til Knuken. Skodda braut opp, og det blei fine forhold for å spankulere opp til Romålihøgdin. Det blei vedteke å legge returen ned i Romådalen for å inspisere stien her nede for framtidig turbruk. Greit å kome seg ned lia om ein unngår sva og bratt steinur, og fint og lettgått langs stien ut dalen. Retur langs vegen til bilen.

Kart    

Bøverdalen nord

Dato:
26.08.2020
Distanse:
29,2km

Ein vaksen ettermiddagstur på nordsida av Bøverdalen for å besøke dei siste toppane på surnadalslista på denne sida av nordmarka. Vi parkerte bilen på markert p-plass nede ved enden av grusvegen som fører opp til Nedre Myrholtvatnet. Her skulle vi nesten seks timar seinare kome ned. Før den tid blei det lett jogg langs asfalten inn til Øygard hyttefelt kor vi etter litt om og men fann fram til turstien mellom Hardbakkhytta og Grytbakksetra. Denne fulgte vi slavisk opp i skodda og over fjellryggen inn til Hardbakkhytta, med unntak av ein avstikkar opp til varden på Dyrstolan. På vegen fekk vi da også huka av Hardbakkfjellet. Ein kort passiar med ein innlosjert tysker, ein brødblings og ein kanelsnurr seinare stod vi klare til å gå rett ned og rett opp på Neverholthøgfjellet. >>>

Kart    

Moltetur til Skarven

Dato:
22.08.2020
Distanse:
7,8km

Ikkje heilt i tråd med kulturen å legge ut rapport og kart frå molteturar, men eg tek sjangsen. Fin og bratt sti opp frå Heggem med god merking! På veg opp blei Porten og Skarven huka av før det blei god moltefangst i området! Vurderte å stikke oppom Blåfjellet, men regnet tok til og skodda kom fort, så den plana blei skrinlagt.

Kart    

Skrøåfjellet

Dato:
18.08.2020
Distanse:
20,0km

Ein topp fint dimensjonert for ein ettermiddagstur om ein startar frå Vindøldalen og har sykkel til disposisjon. Frå bilane ved enden av bomvegen sykla turfølgjet på tre innover dalen i drøye 7 kilometer før vi såg skilting mot Skrøådalen og Kløftsætra. Ti meter etter skiltet såg vi starten av ein sti vi bestemte oss for å benytte, så syklane blei parkert og stigninga tok til. Dette er for øvrig ikkje starten på den T-merka stien som går inn til Svartvatnet, den finn ein nok litt lenger inn langs vegen, men tråkket vi no gjekk opp passerte Øvre Kløftsætra og fletta seg så saman med nevnte T-sti. Stien er god og merkinga tydeleg, men det er jevn bratt stigning oppover her. På kvar side veks det tett i tett med blåbær, så det blei fortløpande påfyll av næring medan >>>

Kart    

Runde frå Todalshytta

Dato:
17.08.2020
Distanse:
20,4km

Strikken blei tøyd for kva som kan klassifiserast som ettermiddagstur for undertegnede, men dagane er enda lange, og nede ved bilen att var det framleis vakkert augustlys. Todalshytta danna utgangspunkt for turen over Bollknubben og Viromkjerringa sin sør-øst-topp. Herifrå er det merka sti mot Storhaugen, som etter kvart går etter grusvegen innover. Om ein vil er det mogleg å korte litt ned på turen ved å i staden for å svinge til høgre opp til Todalshytta heller svinger til venstre, og følgjer denne grusvegen til endes. Her finn ein etter kvart skilt som tek ein av ruta mot Storhaugen og inn på T-merka rute mot Innerdalen via Snekkardalen. Slak sti i starten, og etter kvart bratt opp gjennom barskogen. Vel over kanten kjem ein til ei lita hytte. Her kan ein finne starten på ei >>>

Kart    

Neådalssnota

Dato:
15.08.2020
Distanse:
28,6km

Blant det faste turfølgjet på seks som no mønstra nede ved Kårvatn er det vel ingen topp som opp gjennom tida har blitt så javnt omtalt som Neådalssnota. Det virkar til at uansett kor ein står i Trollheimen stikk Neådalssnota seg fram og ruvar i storslagen majestet der inne i hjertet av fjellheimen. Endeleg var dagen komen for at vi skulle kunne innta toppvarden på denne kolossen, og ruta blei lagt innover Naustådalen. Eit lite antiklimaks skulle det derimot vise seg å bli, for vi skjønte tidleg at meteorologane heller ikkje denne gongen hadde truffe spesielt godt med prediksjonane, og skodda som skulle kome godt utpå ettermiddagen lå allerie som eit lokk på toppen av Neådalssnota da vi hadde kome oss så langt innover Naustådalen at ho var innanfor synsvidde. Litt synd å ikkje >>>

Kart    

Honnstadknyken

Dato:
11.08.2020
Turtype:
Fottur

Kveldsturer til Knyken er eit godt syssel på vakre augustkveldar som denne. Eit utvalg frå kveldens mange motiv av solas fargespel må med.

Kart