Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Lort-, Grynnings- og Nonshø

Dato:
21.04.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
6:52t
Distanse:
29,7km

Ein perfekt aprildag for uteaktivitet blei nytta i Storlidalen. Oppdalslosen hadde gode erfaringar frå området på sørsida av dalføret, og med eit litt småhissig skredvarsel den siste tida føltes det fornuftig å oppsøke litt slakare terreng. Med start frå Storlia parkering bar det innover og etter kvart oppover mot Grugguskaret, før vi tok austover og fekk registrert bestigning på ei lita handfull varianter av Lorthø. Vidare over toppen aust for Indre Grynningshø, før vi etter ein lett stakeetappe i spektakulære vinteromgjevnader forserte dei siste metrane opp til Fremre Grynningshø. Her bevilga vi oss ein lengre pause med framifrå utsikt ned til Ottdalen og over til Klingfjellmassivet. Framleis sol og ikkje eit einast vindpust - jakke, bokse og ka anna ein hadde pakka med >>>

Kart    

Viglpiken

Dato:
14.04.2022
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
6:48t
Distanse:
21,7km

Ei fenomenal påskehelge åpna med tur opp til Vauldalens store påskeklassiker, Viglpiken. Inn på nydeleg føre langs tråkka løyper til Borgedalsbua, og derifrå i grovare terreng opp til Viglpiken. Siste metrane til fots, då langrennsski egnar seg dårleg til såpass bratt nedkøyring. Som alltid vakkert utsyn frå toppen i alle retningar, både innover Sverige og oppover mot toppane i Trøndelag.

Kart    

Strengen

Dato:
07.04.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:04t
Distanse:
8,0km
Kart