Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Runde rundt Bøverdalen nord

Dato:
04.10.2019
Turtype:
Fottur

Ein haustfeire med gode turforhold blei krona med ein flott runde nord for Bøverdalen. Vêrgudane hadde verkeleg slått på stortromma denne dagen, og klarvêr berre hausten kan by på gjorde utsynet frå dagens mange utsiktspunkt aldeles makalaust. I sør og aust konkurrerte tindane i Sunndalen, Eikesdalen og Øksendalen om å ha den mektigaste framtoninga, og i enden av panoramaet steig Trollveggen opp med sin spisse tinder, omkransa av Romsdalsalper i vinterdrakt. Det gjekk med mykje tid til å berre sitte og sjå på denne turen. Opp frå Seterbøen p-plass i Bøverdalen bar det i veg oppover lia. Vi passerte Arilds bru, men konkluderte seinare med at denne burde vi nok heller ha kryssa enn passert. Over Geitåa kom vi oss uansett, og det blei staka ut ein heller brattlendt kurs opp mot >>>

Kart    

Tussan, Måsvassheia og Skreåfjellet

Dato:
03.10.2019
Turtype:
Fottur

Nedbør hadde gjort sitt til at toppane i Trollheimen framleis låg dekte i snø, klare for å ta i mot kong vinter om ikkje så alt for lenge. Nede i meir lågtliggjande strøk hadde derimot nedbøren kome som regn, og bidratt til å rydde unna mykje av det lille som tidlegare hadde lagt seg med bud om kaldare tider. Difor var det no ypperlege moglegheiter for å få seg ein tur eller to utanfor Trollheimen, og krysse av nokre toppar på "surnadalslista". Med det blei det oppstart frå Haugaskaret p-plass i retning Tussan. Turfølgjet for dagen hadde våre oppe på sondering dagen før, og kunne rapportere om delvis bløtt, men likevel fint føre. Slik gjekk turen opp til Tussan sin første topp effektivt og fint, og etappane over mot Midttussen og Stortussen bydde heller ikkje på >>>

Kart    

Råslættkammen

Dato:
02.10.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Valåsen og Litlåsen

Dato:
01.10.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Vindnebba

Dato:
29.09.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Smultringar rundt Svartvatnet

Dato:
28.09.2019
Turtype:
Fottur

Haustferie og familietur til Svartvatnet under Snotene i Folldalen gav anledning til å få med seg ein håndfull smultringar på kjøpet. Når stien frå Gråsjøen i retning Svartvatnet nådde sitt høgste punkt svinga vi av mot venstre og gjekk ein runde over Nonshaugen og Høgfjellet før vi tok oss ned til vatnet. Langs strandlinja og opp på Midtveggen, før vi skråa oss tilbake på stien som tok oss nedatt til bilane. Ein vakker haustdag med nasjonalromantiske farger, som fort kan bli siste anledning for å samle smultringar tørskodd denne fotsesongen, skal vi tru meteorologane.

Kart    

Kolsåstoppene

Dato:
21.09.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Vettakollen

Dato:
15.09.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Grøvelnebba om Mohaugen

Dato:
10.08.2019
Turtype:
Fottur

Gong nummer to oppe på Grøvelnebba, men via "den rette" ruta denne gongen. No blei bannskap og skrubbsår opp bjørkeskog og mosekledde hyller erstatta av song og lyng opp mot Mohaugen S1 frå Dalsbøen. Frå Sanden parkering gjekk vi bort og opp til løa som ligg ca 300 meter inn mot Innerdalen, kor stien opp langs Kvernåa byrjar. Fin sti som vi fulgte opp til kraftmastene der terrenget byrjar å flate ut. Herifrå sikta vi oss inn på oppstigninga til Mohaugen S1. Kryssa Kvernåa utan problem, og trødde målbevisst oppover, først i lyng, deretter i steinur. Vel opp blei vi møtt av ein sollid varde og fin utiskt ned i botnen under Mohaugen. Profilen til Grøvelnebba hadde vokse for kvar høgdemeter vi hadde vunne, og stod no steil og imponerande i mot oss. Værmeldingane for >>>

Kart    

Smultringar rundt Nordåbotn

Dato:
09.08.2019
Turtype:
Fottur

Ein runde med besøk på fjella rundt Nordåbotn frå Kvennsetdalen. Konklusjonen til reisefølgjet blei at toppane her nok ikkje tek i mot mange besøkjande i løpet av ein somar, og at det må være smultringsamlarar som først og fremst finn vegen hit. Når det er sagt var landskapet rett så vakkert, og på toppane fekk vi sjå kjende toppar frå eit litt anna perspektiv enn ein ofte får, i tillegg til eit vakkert åsyn innover Romådalen. Turen starta frå grustaket ovanfor Røssåa og gjekk langs fin sti innhylla i skodde inn til Kvennsetsetrin. På innmarsjen fekk vi med andre ord ikkje sett noko av landsskapet som omgav oss, men skodda bidrog godt med trollsk stemning og sørga for fuktige sko. Etter å ha passert setrene blei stien meir flyktig, før den forsvann heilt, og skodda gjorde >>>

Kart