Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Klungeren

Dato:
16.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:41t
Distanse:
9,8km

Kart    

Fauskevarden med påskefølelsen

Dato:
11.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:52t
Distanse:
5,9km

Av og til er følelsen at ein treff på turmålet og det meste stemmer. Nesten aleine på parkeringsplassen då eg starta. Men nokon hadde vore før meg opp, slik at det var berre å følgje spora oppover. I dag var det ein slik følelse. Ein virkelig fin påskefølelse med sola som varmar på veg opp. Litt vind på toppen gjorde at det ikkje vart lang stopp på toppen. Det var fullt på parkeringsplassen då eg kom nedatt og kø til å komme inn for å parkere. Eg trur nok nokon var glade for at dei kunne bruke parkeringsplassen min då eg for.

Kart    

Rimmafjellet

Dato:
25.04.2020
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
3:51t
Distanse:
10,3km

Første turen med utgangspunkt i Gaularfjellet. Litt skare på veg opp, Vurderte å fortsette mot topp nr. 2, men på grunn av skare på veg nedatt frå toppen, fann eg det tryggast å snu. Fin styresnø på veg nedatt. Noko som passa meg ypparleg sidan eg ikkje er så glad i fart.

Kart    

Rypehogen

Dato:
07.04.2020
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:46t
Distanse:
7,9km

For meg er dette verkeleg ein nostalgisk rute opp til Rypehogen. Kvar påske har dette vore den faste turen i Solheimsdalen. Vi hadde ein liten rast (som vanleg) på Rypehogen. Ei rute som er flott for oss som ikkje liker dei brattaste bakkane. Turen kan utvidast opp under hesten og vidare mot Blægja. Vanlegvis har vi ruta om "Antonstien", men denne gongen ville vi prøve forbi Friborgsstølen i staden.

Kart    

Venevassegga

Dato:
04.04.2020
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:38t
Distanse:
9,2km

Fint påskevær i dag. Hadde med søsteren på turen.

Kart    

Klungeren

Dato:
03.04.2020
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:38t
Distanse:
9,2km

Endeleg fredag og sol på himmelen. Kjappa meg heim for så å dra med fjellskia og turmålet var klart: Klungeren. Eg såg at tåka kom tettare og tettare då eg starta på første motbakke. Til slutt var tåka og snødrevet over meg. Eg var på nippen til å snu, men sidan eg kjenner fjella nokon lunde, fann eg ut at eg i alle fall ville fortsette litt til. Som det kjem fram av ruta, så bomma eg ein ørliten granne på standardruta, men fekk peila meg inn igjen etter kvart. Tåka og snødrevet letta og då eg kom på toppen var tåka og snødrevet borte vekk. Det opna seg eit flott utsyn rundt meg. Og vinden løya litt på toppen. På veg nedatt fekk eg auge på reinflokken. Lite folk på tur i området i dag.

Kart    

Fauskevarden i flott sol

Dato:
21.03.2020
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
5,6km

Uforgløymeleg tur i sola opp til Fauskevarden med følelsen av å være "på rett plass til rett tid". Føret var flott og været var enda bedre

Kart    

Fauskevarden

Dato:
18.03.2019
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:01t
Distanse:
7,1km

Ein uforgløymeleg fin tur på Fauskevarden denne dagen. Flott føre med passe hard sole og litt snø som hadde lagt seg fint oppå gjorde at det var relativt lett å styre i snøen.

Kart    

Fauskevarden

Dato:
20.01.2019
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:32t
Distanse:
6,2km
Kart    

Fauskevarden

Dato:
08.04.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
6,0km
Kart