Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Kalsetrennet

Dato:
30.03.2024
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
3:16t
Distanse:
23,8km

Kalsetrennet i dag. Våkna til ein flott morgen med betre vær enn det som var meldt. Dette kunne bli ein fin dag for Kalsetrennet. Gjorde meg klar til å komme meg ut døra, men i det eg går ut regna det. Då var det innatt for å få på seg kle som er berekna på regn. så bar det av gårde opp til Langeland med tru på at det kanskje... kunne lette litt før eg skulle starte. Men den gang ei, så då var det berre å komme seg av gårde på skituren. Før krysset mot Fauskestølen stoppa regnet og jammen kom det litt solgløtt innimellom, så då var det berre å ta fatt på Fauskeløypa. Flott å gå, sjølv om det var noko blautt i sporet og skiskoa ikkje akkurat er siste skrik. Hadde ein avstikkar heilt opp til Fauskestølen, ettersom eg aldri har vore heilt oppe der. Då eg kom til >>>

Kart    

Ny skitur med tantebarna

Dato:
22.02.2024
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
0:45t
Distanse:
4,3km

Vinterferien kunne by på enda ein dag med opplett. Ny tur på Langeland, men denne gongen tok vi 5km løypa. Den første turen er alltid den tyngste. Så då vart det litt lenger tur i dag. Vi hadde tenkt å grille på Gapahuken øvst i løypa, men det var ganske krevjande på grunn av vinden. Vi tok difor med oss alt sammen ned til nedste gapahuken og fekk ein ny grillpause der.

Skitur med tantebarn

Dato:
21.02.2024
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
0:27t
Distanse:
2,0km

Når vi har besøk av tantebarna i Vinterferien, så er det obligatorisk å komme seg opp i skiløypene på Langeland. Denne gongen vart det kortaste løype og ein god tid til grilling av pølser og Marshmallows, samt aking i den fine aktebakken ved gapahuken rett ved stadion.

Fauskeløypa og Bjørnaholtløypa

Dato:
11.02.2024
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
3:13t
Distanse:
22,2km
Kart    

Storehogjen

Dato:
28.01.2024
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
14,4km

Skitur på gamle skispor. kombinasjon av skare og blautt.

Kart    

Strålande skitur på Utvikfjellet

Dato:
14.01.2024
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
2:45t
Distanse:
14,5km

Etter gårsdagens litt tunge tur opp på Nordheia, sjekka eg værmeldingane. Det kunne sjå ut til at det ville bli bra ver på Utvikfjellet. Det skulle være skidag på Langeland, og det frista lite å kjempe om skiløypene der. Turen vart difor Utvikfjellet. Lite bilar på parkeringsplassen og strålande solskinn. Denne turen var det berre å nyte. Lite folk i løypene, noko som forundra meg ettersom været var så bra og nypreparerte løyper. Kosa meg på toppen av Snøfjellet med litt lunsj, før eg tok returen til bilen via Flølostølen. Kosa meg kvart minutt på vegen.

Kart    

Skitur

Dato:
02.01.2024
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
1:07t
Distanse:
6,5km

Framleis ein del vind, så då blei valet skitur i Årdalsdalen for å teste løypene der. Fin skiløype for store og små.

Kart    

Fauskeløypa rundt - årets siste tur

Dato:
31.12.2023
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
2:28t
Distanse:
18,0km
Kart    

Gjøset

Dato:
28.12.2023
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
11,5km

Når det er litt vel mykje vind til å gå på topptur, så er det greitt med ein langrennstur. Sjølv om eg ikkje akkurat er noko racer i skisporet.

Kart    

Fauskeløypa rundt

Dato:
03.12.2023
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
2:36t
Distanse:
18,1km
Kart