Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Lammetufjellet

Dato:
23.04.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:49t
Distanse:
1,0km

Etter å ha studert ein del andre som har vore opp, så tok eg sjansen på ei rute nordfrå. Parkerte med ei lita bu og gikk på litt utydeleg sti opp mot toppen. Fann eit tau som eg brukte nesten oppe. Retur så og seie samme rute.

Kart    

Eldsfjellet og Eldsbu

Dato:
17.04.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:32t
Distanse:
2,9km

Parkerte ved merka parkeringsplass og bar på veg mot stistart. Godt merka rute opp. Litt bratt i starten, men resten av ruta var kupert og fin.

Kart    

Vettakollen

Dato:
12.04.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:47t
Distanse:
7,1km

Søsteren spurte om vi kunne ta ein tur på Vettakollen, sidan eg hadde snakka om denne toppen tidlegare. Vi tok med yngste nevøen min opp til Vettakollen stasjon og vidare opp til Vettakollen utsiktspunkt. På vegen traff vi blandt anna eit par ekorn. Dette var stor stas for fireåringen. Vidare opp mot toppen gjekk det greitt. fireåringen fikk "oppdrag" å finne dei blå merka på ruta. Dette klarte han med glans. Ved utikikspunktet vurderte vi om vi skulle fortsette inn mot Fuglemyrshytta. Yngstemann på turen var klar for det. Returen gjekk ned nokre glatte snødekte område. Så vidare ned på slitte skispor og til Skådalen stasjon. Fireåringen fekk litt bærehjelp. Men klarte seg glimrande på turen.

Kart    

Atløy på tvers

Dato:
20.03.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:36t
Distanse:
14,5km

Finfint vær i dag. Starta ved Eidet og fulgte sti opp mot Skredvarden. Tok av stien og prøvde å sikte oss inn på Atløynipa. Litt usikker på om det vart ein snarveg eller omveg. Kom oss opp på Atløynipa ved varden og hadde ein liten rast der. Gjekk vidare opp på høgste punktet på Atløynipa og vidare til Skredvarden. Ein del snø mellom Atløynipa og Skredvarden. Så bar det bratt ned mot Setekletten. Litt unnasols, så der var det enda meir snø. Kom oss heilskinna ned og fortsatte på sti til Setekletten og vidare til Høgeskolten og Granefjellet. Litt blautt enkelte stader, spesielt mellom Setekletten og Granefjell.

Kart    

Sjønakletten

Dato:
14.03.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:03t
Distanse:
3,3km

Kart    

Førdsnipa i Bremanger

Dato:
13.03.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:25t
Distanse:
6,8km

Køyrde inn så langt det gikk opp i dalen og sette bilen frå oss på ein stor parkeringsplass. Vi peila oss inn på ein sti som var markert på kartet, sjølv om stien sannsynleg hadde ein litt annan start. Fann etter kvart stien og då gjekk det greitt oppover mot Strugsnipa og vidare mot Førdsnipa. Fulgte god sti ned mot Lågseide og veg vidare ned mot bilen. Ein flott tur som kan anbefalast dei fleste.

Kart    

Nordheia/Djupviknipa

Dato:
08.03.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:48t
Distanse:
3,7km

Endeleg har det vore nokre fine dagar og då gjeld det å komme seg ut i frisk luft. Ein kjapp tur mellom jobb og møte seinare på dagen.

Kart    

Nordheia

Dato:
04.03.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:54t
Distanse:
3,7km

Nydelig tur denne fredagen

Kart    

Brandsøyåsen

Dato:
30.01.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:51t
Distanse:
3,9km

Kart    

Broddetur til Eikefjordstølen

Dato:
08.01.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:33t
Distanse:
3,7km

Kart