Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Middagsfjellet

Dato:
01.08.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:17t
Distanse:
7,1km

Kart    

Endeleg! Galdhøpiggen frå Spiterstulen

Dato:
30.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:15t
Distanse:
13,0km

Galdhøpiggen har stått på ønskjelista mi lenge. Heilt frå 2009, men kvart år vi har tenkt å ta turen, og kvart år har den av ulike grunnar vorte avlyst. Dette året skulle eg få det til! så værmeldingane vart sjekka ofte og vel. Men været har ikkje akkkurat vore på mi side i år. I fjerde ferieveka fann eg ut at det låg an til fint vær på Galdhøpiggen. Ettersom mannen min starta på jobb etter ferien den veka, foreslo han at vi kunne ta det laurdagen. Vi overnatta i bilen ved Spiterstulen denne natta, men natta var ikkje den beste eg hadde hatt. Sovna litt vel seint og det vart få timar med søvn. Men opp skulle eg sjølv om det kunne ta noko lengre tid. Ettersom eg var såå nære. Starta roleg oppover og tok mange pausar før vi endeleg kom til toppen. Turen skuffa ikkje, >>>

Kart    

Hafstadfjellet

Dato:
29.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:12t
Distanse:
6,3km

Etter eit par dagar med litt lengre turar i tillegg til planer om å køyre til Jotunheimen denne ettermiddagen, var det på tide med ein kjapp tur i nærområdet.

Kart    

Litjehesten

Dato:
28.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:15t
Distanse:
11,1km

Litjehesten er fjellet eg verkeleg har vokse opp med. Frå stovevindauget kunne vi sjå rett på Litjehesten. Og på vinteren gjekk vi på ski opp til Rypehogen via den frykta Antonstien. Og då eg vart gammal nok, så var turen opp under hesten via Oksekleivheia obligatorisk. Toppen er nok ikkje like kjent som Storehesten, men for meg var Litjehesten minst like kjent. Og eg vil tru at dette gjeld fleire som er vaksen opp inst i Solheimsdalen. Det går fint an å gå opp frå Solheimsdalen og opp til toppen av Litjehesten, men det er nok lettare frå Stølshaugane via Skaraly. No når det er komen opp bru over elva, så er det ingen problem. Stien i dag var litt blaut, men med nydeleg vær, så gjorde det ikkje noko. På returen gjekk eg via høgste punktet på Litjehesten. Der fekk eg litt >>>

Kart    

Steinnova og Stolen - Gaular komplett

Dato:
27.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:19t
Distanse:
23,6km

Etter det eg har forstått, er vegen opp til Oppedalsdale ikkje eigna for bilar som den eg har. Parkerte eg difor nede og gjekk opp grusvegen. Tok av rett før brua som er midt i dalen og fulgte ein meir eller mindre synleg sti oppover mot Sygneskaret. Oppe i skaret tok eg av til venstre der eg såg eg kunne komme meg opp på Steinnova. Sikta meg vidare inn mot Stolen og traff sånn noko lunde. Gjekk langs vatna og opp på toppen. Der hadde eg ein liten rast før eg sikta vidare mot Sauebotnfjellet og Storehaugen og ned mot traktorvegen som går til Oppedalsstølane. Fulgte traktorvegen nedatt til bilen. på veg nedatt traff eg på bonden som skulle ordne med bom mot kyrne. Han fortalte at før vegen var lagd, så gjekk dei opp via Gjermundstadskaret og ned Strupen med kyrna sine. Litt av ein >>>

Kart    

Nordheia og Djupviknipa

Dato:
24.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:57t
Distanse:
3,9km

Kart    

Blægja og Synste stauren

Dato:
22.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:09t
Distanse:
13,4km

Værmeldingane meldte sol denne dagen og då var det berre å legge plan om tur til Blægja, som kun bør gåast i fint vær. Inviterte ei veninne på tur sidan ho har hatt denne toppen på ønskjelista lenge. Turen er flott, sjølv om det er litt utfordrande punkt på grunn av ura oppover. Hadde ein lang og hærleg stopp på toppen der vi kunne sitte å nyte utsikta og været. Returen gjekk via Synste Stauren. Då slapp vi mykje av ura ned. Blægja er ein av favorittane mine, rett og slett på grunn av den fantastiske utsikta på toppen og at det er eit av mine "Heimefjell".

Kart    

Blåane

Dato:
21.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
4,1km

Kart    

Fosnavåg og Hornseten

Dato:
17.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:06t
Distanse:
5,3km

Etter ein køyretur frå Førde til Fosnavåg, der været ikkje har vore det beste den siste tida. Etter å ha booka inn på hotellet, såg eg an til at det kunne være tendensar til fint vær. Tok sikte på at Hornseten var bra. Og jammen traff eg blink. Flott vær med sol, sjølv om det var noko vind, så gjorde det ikkje noko. Bratt opp skaret, ellers ein lettgått tur.

Kart    

Viefjellet

Dato:
16.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:46t
Distanse:
4,7km

Kart