Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Gytta

Dato:
25.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:39t
Distanse:
2,4km
Kart    

Gråbrørne ++

Dato:
24.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:31t
Distanse:
19,6km

No startar eg snart å lengte etter litt meir sol om dagane. Så det næraste i dag var å reise til Sogn for å få litt meir opplett, sidan værmeldingane var betre i Indre Sogn. Fulgte grusveg/traktorveg eit stykke og tok til venstre rett ved eit tjørn og fulgte traktorveg og så over på sti. Etter kvart vart det slutt på sti og eg gjekk mest på GPS. Ettersom det sikkert har regna i Sogn også, var nok dei stilause ruta litt vel blaut, men greitt å gå ellers. Litt bratt ned det siste stykket frå Jakobsdalsholten og bratt opp til Nordre Gråbrørne. Fulgte ein og anna dyretråkk og kom meg greitt ned og opp til Nordre Gråbrørne. Fulgte litt dyretråkk vidare på Søre Gråbrørne. Derfrå var det god sti resten av vegen. Lite nedbør på turen, noko som er hærleg.

Kart    

Ulltangstølen

Dato:
23.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
4,3km

Tur med meg og mannen min. Lenge sidan vi har vore på Ulltangstølen. Det er arbeid med minikraftverk og dermed ein mykje fastare veg. Fulgte nedre vegen opp og øvre vegen nedatt. Øvre vegen er nok relativt lite brukt i det siste.

Kart    

Gytta i opplett

Dato:
22.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:37t
Distanse:
2,4km
Kart    

Kvamsfjellet med kollega

Dato:
21.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:06t
Distanse:
7,4km

Skuleårets første kollegatur. La det bli fleire dagar med opplett.

Kart    

Gytta

Dato:
20.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:42t
Distanse:
2,5km

Eg har tenkt ei stund at eg skulle følge tipset eg fekk om å finne den alternative stien som går opp til Gytta. Det var lettare sagt enn gjort. Eg tenkte eg kunne bruke Strava og følge heatmapen, men av ein eller annan grunn gjekk eg rett på ein fjellvegg. Så det blei nok meir eller mindre bomtur. Fann ei hytte midt inne skogen mens eg leita.

Kart    

Gytta

Dato:
19.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:36t
Distanse:
2,2km
Kart    

Øyastølen

Dato:
18.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
5,8km

Kart    

Skratleheia

Dato:
11.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:45t
Distanse:
11,1km

Etter gårsdagens vær, så er det godt å komme seg på ein ny tur vel vitande om at det stort sett er blautt i marka. Det er ei stund sidan sist eg var på Skratleheia og tenkte det var ein grei tur i dag. Hadde planer om å ta samme rute som sist, men det var uråd å komme over elva ved Skarsvatnet. Vi valte difor å gå til venstre ved vatnet. Det var sti langs vatnet, så det var heilt greitt å gå. Vi studerte litt på korleis vi skulle komme oss opp på ryggen og valte ei grei rute opp utan sti. Oppe på høgda fann vi ein sti vi fulgte eit stykke før den vart vekk, mest truleg på grunn av litt myrete terreng. Greitt å finne fram til toppen derfra uansett. På returen fann vi ein sti ned frå høgda. Denne fulgte vi og tok av mot venstre opp igjen til Skarsvatnet. Det blei ein liten >>>

Kart    

Gytta i regnværet

Dato:
10.08.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:36t
Distanse:
2,2km

Dagens friskluftstur i uværet. Godt å ha nokre enkle turar som berre ligg klar dersom det ikkje skulle være det aller beste været. Ein kan endåtil komme under tak og berre være på slike stader.

Kart