Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1855)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Hålandsnipa
- Dato:
- 20.09.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:36t
- Distanse:
- 10,4km
Eg har høyrt at Hålandsnipa skal være ein fin tur. Og med litt usikre værmeldingar heime og litt betre i Høyanger, satsa eg på ein tur dit. Køyrte opp til Strupen og parkerte ved bommen. Fulgte grusvegen oppover. Tok av ved Skiltet mot Hålandsnipa og fulgte ein godt merkt sti oppover. Først litt flatt og deretter litt bratt. Frå Hålandsvarden fulgte eg merkt sti ned utsiktspunktet. Flott utsikt utover Høyanger og fjorden.
Rivedal - Nipebu
- Dato:
- 13.09.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:32t
- Distanse:
- 7,1km
Turlederkurs ved DNT Sogn og Fjordane med overnatting på Nipebu. Kjekt å få oppfrisking i kart og kompass. I tillegg til kurs i Kartkoordinatorar. Nydeleg på kvelden
Gjegnen
- Dato:
- 07.09.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 11:00t
- Distanse:
- 29,3km
Gjegnen har stått på ønskjelista lenge. Og både tidspunktet og været stemte sånn nokon lunde. Det er sjeldan at det kan passe med ein todagerstur og etter det eg har forstått er det anbefalt. Men etter å ha forhøyrt meg med nokre som meinte det kan gå greitt på ein dag så tok eg sjansen. Eg sendte ut ein open invitasjon på tur til Gjegnen, utan respons fann eg det greitt å ta turen likevel. Var litt usikker på vegen opp til øvste parkeringsplassen, så eg parkerte ved den nedste. Fann fort ut at det hadde gått heilt fint å køyre opp. Bratt opp mot Lavesteinen og vidare opp på høgda mot Gjegnabu.
Eit lite stykke før Gjegnabu var det lett terreng bort til hytta. Der vert det tydelegvis sett opp ei ny hytte. Ved Gjegnabu var det ein kar som hadde kome opp litt før meg.
Han >>>
