Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Solheimsstølen

Dato:
07.12.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
3,5km

Tur for å lage sporing til ut-appen. Solheimsdalen har ikkje for mange turar som ligg registrert på ut. Det er på tide å få lagt inn ein innsjekk der også.

Kart    

Gravdalsholten

Dato:
19.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
3,9km

Kart    

Sjønakletten

Dato:
17.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
3,3km

Nok ein regnværsdag i dag. Vi begynner snart å bli litt værsjuke av alt det regnværet som har komme denne hausten. Søsteren inviterte på tur og eg foreslo Sjønakletten ettersom det er litt mykje snø i høgda. Det var ein del sludd på vegen, men då vi parkerte hadde det nesten letta. Då vi kom gjennom skogen hadde det letta heilt og eg kjenner at humøret stig berre det sluttar å regne. Ein flott tur når været ikkje er det beste. Det er trass alt ein ganske tørr sti, sjølv om det har regna ein del i det siste. Absolutt ein prima tur på ein slik dag.

Kart    

Hafstadfjellet

Dato:
16.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:28t
Distanse:
10,4km

Etter ei natt med heftig regn, såg det an til at det gjekk å ta seg ein tur. Litt snø på vegen, men ikkje meir enn at det gjekk fint å gå. Ein del vind og hagl det siste stykket gjorde turen litt meir utfordrande. Litt skiftande vær gjorde at då eg kom på toppen var det ikkje akkurat så veldig flott utsikt, faktisk ingen utsikt i det heile. Flaksen var at då eg kom trygt nedatt i bilen starta lyn og torden

Kart    

Gytta

Dato:
12.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:36t
Distanse:
2,0km

Kart    

Nordheia

Dato:
02.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:18t
Distanse:
4,1km
Kart    

Gytta

Dato:
28.10.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:39t
Distanse:
2,2km
Kart    

Botnavatnet og Gjesdalsvatnet

Dato:
27.10.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:23t
Distanse:
7,4km

Tenkte eg skulle teste ut ruta som er merka av på kartet frå Sandalen opp til Gjesdalsvatnet. Men først gjekk eg opp til Botnavatnet. Denne stien er godt merka og ikkje noko problem å følgje. Det gjekk sti langs vatnet opp mot Gjesdalsvatnet. Men etter hytta ved vatnet, var det berre nokre få dyretråkk å finne. Det er ikkje det: eg klarer alltids å finne fram, men det hadde vore mykje lettare å følge ein sti. Tenkte også at eg skulle følge stien nedatt på hi sida av dalen, men eg fann etter kvart ut at det var ikkje noko poeng. Det var rett og slett ikkje noko sti der. Og etter kvart møtte eg nokre elva eg ikkje tok sjansen på å krysse. Så då var det å gå den sure vegen oppatt til Botnavatnet og heller følge den trygge stien på austsida av elva.

Offisiell opning av Nordheiastien

Dato:
26.10.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
4,0km

Då vart stien til Nordheia offiesielt opna av ordførar og turlaget. Det er lagt ned ein formidabel innsats for å få stien så fin som den er blitt. Endeleg går det an å komme seg på Nordheia utan å verte heilt gjennomblaut og skiten på beina. Tiltaket er eit veldig godt tiltak ettersom turen er blitt veldig populær dei siste åra. Etter kvart som fleire har gått, har stien blitt breiare og breiare på grunn av gjørme og myr. No er den tilrettelagt med trapper og steinar slik at ein kan lett gå opp til toppen.

Kart    

Fauskevarden ++

Dato:
26.10.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:20t
Distanse:
8,4km

Opning av Nordheiastien og tenkte eg skulle ta ein liten tur på Fauskevarden før opninga. Litt blautt i stien nokre stader, men skoa holdt overraskande godt i dag. Friskt på tur med bra vindkast, men når ein går tur på hausten, så er det ikkje anna å forvente at det blæs litt. Så lenge det ikkje regnar i tillegg. Eg hadde så pass god tid på turen at eg valte å gå innom Dyreheia og Storevassheia. Eg har også høyrt at det går sti over tunnellen og fann då ut at eg skulle teste om eg fann ruta. Stien er greitt tydeleg, men då eg kom nesten ned til parkeringsplassen, så sikta eg meg berre inn på stien som går til Nordheia. Tenkjer det er greitt å kombinere turen til Nordheia med turen over Storevassheia.

Kart