Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1813)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Sylvsteinsheia, Arsteinsheia og Vardeheia
- Dato:
- 16.03.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:30t
- Distanse:
- 11,2km
Etter nokre veker med ro, var det godt å komme seg ut på ein litt lenger tur. Satsa på at det var lite snø i ytre, så eg tok difor ein tur ut til Åsnes. Eg må innrømme eg var litt spent på formen, sidan det er nokre veker sidan sist. Men det gjekk overraskande bra.
Flott solskinn og litt vind på toppane. Må innrømme at det er hærleg å endeleg føle at formen kjem seg.
Dalreset og Frishatten
- Dato:
- 02.02.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:55t
- Distanse:
- 10,6km
Fin tur med kollega. Starta opp traktorvegen opp til Mårhusdalen og vidare over på sti mot Blåfjellet. Rett etter Plassen fulgte vi merking mot Dalreset. Heilt greitt å gå oppover, men eit parti var berg, som var ein smule brattare enn det eg kunne tenkt meg. Då vi kom opp på ryggen kom snøen og litt vind, så det blei berre ein liten stopp før vi for nedatt mot Frishatten. Fin rundtur.
Gravdalsholten
- Dato:
- 31.01.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:00t
- Distanse:
- 3,1km
Gravdalsholten
- Dato:
- 28.01.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:03t
- Distanse:
- 3,6km
Gytta
- Dato:
- 27.01.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:36t
- Distanse:
- 2,1km
Fin kveldstur til Gytta. Det er noko med det å komme opp og berre studere alle lysa frå Førde. Det å ha litt tid for seg sjølv der ein berre nyter skogens ro og fin utsikt.
Mullurdfjellet
- Dato:
- 26.01.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:17t
- Distanse:
- 10,8km
Etter ei lang veke med lengre arbeidsdagar og mykje møteverksemd i tillegg til restane av Eowind som ikkje akkurat gav fristelse til å komme seg ut. Det såg an til å komme nokre solstrålar, så her gjaldt det å smi mens jarnet er varmt. Reiste til Kyrkjebø og parkerte ved sjukeheimen. Fulgte godt merka rute opp via Ljotebøstølen og Kyrkjebøstølen. Og på vegen opp kom sola fram, noko som absolutt gjev godfølelsen. Det var litt snø det siste stykket opp til Kyrkjebøstølen, men tok likevel sjansen på at det ikkje var for mykje snø opp til Mullurdfjellet. Og det var tung, men likevel overkommeleg det siste stykket opp til toppen. Og når sola skin så fint, kven bryr seg då om at det er litt tungt???? Retur via Kyrkjebøstølen og Naveset. Og i det eg sette meg i bilen for å >>>
Husfjellet ++
- Dato:
- 19.01.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:42t
- Distanse:
- 11,6km
Fin tur med kjekk kollega.
Stien startar godt med god merking, men etter kvart som vi kom oss opp over skoggrensa, så på magisk vis forsvann merkinga... mulig det er vi som ikkje fulgte heilt med. Eg reknar med at merkinga kanskje gjekk bort til Liafjellsnakken og ikkje på høgste punktet. Vi blei einige om å ta ein rundtur, så då fulgte vi merkinga ned til foten av Eikelandsknoltren. Eg gjekk vidare opp til toppen, medan kollegaen gjekk rundt. Lettgått opp til Eikelandsknoltren og nedatt til merka sti. Stien gjekk over ei blaut myr, så det var ikkje så fristande å gå bort til Moldahytta. Eg tok sikte på ein liten omveg før eg sikta meg inn på stien ned mot Jakthytta. Hærleg og lettgått terreng.
Fureviksnipa, Skinnbroka og Fauskevarden
- Dato:
- 18.01.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:40t
- Distanse:
- 12,4km
Det var lova opplett i dag. Og med så mykje regn som har komme den siste tida og snø som ikkje har "sett seg", så forsvann snøen fortare enn svint.
Etter kvart så letta det og det var mogleg å komme seg ut ein tur. Tykkjer runda rundt Fureviknipa, Skinnbroka, Fauskevarden er ganske fin runde. Tenkte eg skulle ta ruta frå parkeringsplassen ved Nordheia og gå over elva. Den var faktisk litt større og litt striare enn vanleg, så eg plumpa uti eit øyeblikk. Bra med vind på toppane, så det gjeld å "halde på hatten". Då er det jammen godt å ha ein vindtett jakke for å ikkje bli for kald. Faktisk heilt OK å gå utan broddar denne dagen, men klyvepartiet under toppen av Fauskevarden vart for isete for min del, så då blei det å gå ruta ein vanlegvis går på >>>
Lutesåta
- Dato:
- 11.01.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:45t
- Distanse:
- 2,0km
Starta ved parkeringsplassen ved vindmølleparken. Og tok sikte på vegen som var nærast. Kava meg i til dels djup snø, så her hadde nok det vore best med truger. Men det var ikkje så langt, så litt ekstra trim for blodpumpa gjer egentlig ikkje så mykje.