Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1791)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Fjordblikk
- Dato:
- 17.04.2022
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:50t
- Distanse:
- 3,0km
Godt merka rute begge vegar. Likte best ruta til hytta. Den var tørrare og lettare å gå.
Eldsfjellet og Eldsbu
- Dato:
- 17.04.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:32t
- Distanse:
- 2,9km
Parkerte ved merka parkeringsplass og bar på veg mot stistart. Godt merka rute opp. Litt bratt i starten, men resten av ruta var kupert og fin.
Kjapp tur til Sjøbua
- Dato:
- 17.04.2022
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:22t
- Distanse:
- 1,6km
Vettakollen
- Dato:
- 12.04.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:47t
- Distanse:
- 7,1km
Søsteren spurte om vi kunne ta ein tur på Vettakollen, sidan eg hadde snakka om denne toppen tidlegare. Vi tok med yngste nevøen min opp til Vettakollen stasjon og vidare opp til Vettakollen utsiktspunkt. På vegen traff vi blandt anna eit par ekorn. Dette var stor stas for fireåringen. Vidare opp mot toppen gjekk det greitt. fireåringen fikk "oppdrag" å finne dei blå merka på ruta. Dette klarte han med glans. Ved utikikspunktet vurderte vi om vi skulle fortsette inn mot Fuglemyrshytta. Yngstemann på turen var klar for det. Returen gjekk ned nokre glatte snødekte område. Så vidare ned på slitte skispor og til Skådalen stasjon. Fireåringen fekk litt bærehjelp. Men klarte seg glimrande på turen.
Kolsåstoppen
- Dato:
- 11.04.2022
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:37t
- Distanse:
- 7,4km
Tok bussen ut til Stein Gård. Fulgte godt merka løype til Nordre Kolsåstoppen. I starten på veg, der traff eg på ein litt over gjennomsnittet stor familie som sleit oppover den speilblanke vegen. Dei gjekk opp langs grøfta. Noko eg også skulle. Og det var så og seie umogleg å gå forbi. Der... starta far i familien og skulle ta bilde av heile flokken. Vel tenkte kanskje det var lov å sleppe folk forbi før ein skulle ta ein fotoshoot.... Kom meg vidare til Nordre Kolsåstoppen etter kvart. Ikkje så frykteleg mykje panoramautsikt, men heilt OK.
Fann ut at eg skulle ta ein tur ut til Gråmagan. Der traff eg på ein ung mann som likte best denne delen av toppen. Flott utsikt, men ikkje fullt så mykje folk. Vidare til Søndre Kolsåstoppen fann eg ut at han hadde rett. Det var ikkje >>>
Høgeheia i solnedgang
- Dato:
- 01.04.2022
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:15t
- Distanse:
- 4,8km
Fann ut at vi skulle ta ein tur å få solnedgangen. Formen var ikkje på topp, så det gjekk litt saktare oppover enn eg vanlegvis bruker. Men vi kom oss opp og ned. Nydeleg solnedgang men litt vind på toppen.
Steinegga på ski
- Dato:
- 31.03.2022
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 2:49t
- Distanse:
- 10,9km
Flott føre og flott tur.
Men eg må innrømme at eg ikkje er noko glad i fart og ikkje i bratte nedoverbakkar. Synest det er fint med motbakke og slake nedrenn.
Øygardsstølen
- Dato:
- 30.03.2022
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 2:46t
- Distanse:
- 5,5km
Starta ved busskuret på Øygarden. Vanlegvis går ruta opp stølsvegen frå FV609, men vår guide høyrer heime på garden i Runnane. Så vi gjekk via den. Fint og utan snø eit stykke og tok på oss trugene etter kvart. Ettersom vi har ultra lokalkjende med oss, blei det ein liten, men bratt avstikkar opp mot utkikkspunktet. Der såg vi både heilefjellet, Karstadvatnet og inn mot fjellparti eg trur kanskje er Klungeren.
Fauskevarden på nye ski
- Dato:
- 28.03.2022
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 2:06t
- Distanse:
- 6,3km
I helga gjorde eg innkjøp av nye fjellski og mandagen fann eg ut eg kunne prøve dei på ein relativt lett og kjent tur. Så Fauskevarden var valet. Vel.... blanding av skarde og litt laussnø. Bra med vind på toppen gjorde at turen ikkje vart fullt så lett som eg hadde tenkt meg. Men skia er betre enn mine gamle fjellski. Ettersom den brattaste bakken hadde hard skare, fann eg det betre å ta av meg skia og spasere ned den brattaste bakken.... Ja, eg er ei pyse, men eg kom meg ned i alle fall. :)