Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1791)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Steinheia og Ramstadnipa
- Dato:
- 11.07.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:07t
- Distanse:
- 10,4km
Klarte å gløyme å sette på sporing i starten av turen, så eg redigerer km. Returen ned viser kor eg gikk opp.
Halbrendsnipa
- Dato:
- 10.07.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:02t
- Distanse:
- 9,4km
Storehesten
- Dato:
- 07.07.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:25t
- Distanse:
- 12,3km
Klarte ikkje heilt å bestemme meg for turmål, men etter nokre dagar med regn, fann eg ut at Storehesten var trygg og kjent til å bestige.
Oppe ved Dagsturhytta fann eg ut at eg skulle prøve meg opp egga sidan tåka ikkje var så tett.
Fulgte merka rute opp, men eit par parti var det snø, som skulte merka. Var litt fram og tilbake før eg fann ruta opp ( tillegg til tendens til nervøsitet). Tåka dekka ikkje til toppen før eg nesten var oppe.
På toppen var tåka tett og eg tok berre ein kjapp matpause før eg fann ut eg skulle gå nedatt den vanlege vegen. Men... etter å ha starta nedturen, letta tåka og eg for opp igjen for å få tatt nokre bilder til med utsikt.
Tåka letta heilt og det vart til og med litt sol på veg nedatt, det var heilt fantastisk følelse med varme fra sola >>>
Steinkorsen og Blåfjellet
- Dato:
- 01.07.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:48t
- Distanse:
- 15,2km
Det var meldt noko gråare vær framover og då er det om å gjere å nyte den siste ordentlige solskinnsdagen før gråværet kjem. Ei stund sidan eg har vore på dette Blåfjellet, så eg tenkte det var på tide. Turen er jo ein skikkelig gromtur med tanke på at det er berre å gå lenge og langt når ein først er komen opp på Steinkorsen. Og sola var med heile vegen. Hadde ein god pause på Blåfjellet der eg berre satt og naut sola. Traff på ein som såg ut til å planlegge overnatting på fjellet denne kvelden og lurte på korleis det gjekk med han sidan været skifta rett etter at eg hadde kome meg i hus.
Blåfjellet
- Dato:
- 30.06.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:28t
- Distanse:
- 11,3km
Ettersom gårsdagens tur var ein suksess i forhold til formen og dagens form er enda betre, tok eg sjanse på å prøve meg på eit fjell eg ikkje har vore på før. Blåfjellet har ikkje vore på lista over fjell med meir enn 100m primærfaktor før, men no er det justert, så då er det berre å besøke.
Gjekk stien frå Årnes og nesten opp til Årnesstølen. Tok over elva og forbi Horsevikstølen. Fann det som mest truleg er eit hjortetråkk oppover bakkane mot høgda. Flott tur.
Bolteheia
- Dato:
- 29.06.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:02t
- Distanse:
- 5,9km
Etter gårsdagens tur og ei roleg natt, såg eg det an til at formen er betre og eg kunne prøve meg på ein litt lenger tur enn til Gytta. Bolteheia var ikkje besøkt i år, så eg tenkte det kunne være ein passande tur for å testen formen meir. Tok det roleg oppover bakkane og det såg ut til at det gjekk bra. Endeleg.... no kan eg verkeleg begynne å gå på fjellet igjen etter ei veke med "tørke"
Heilt magisk med turar der ein føler at formen er bra og været enda betre.
Gytta
- Dato:
- 28.06.2022
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:34t
- Distanse:
- 1,9km
Gytta
- Dato:
- 27.06.2022
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:33t
- Distanse:
- 1,9km