Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Gravdalsholten

Dato:
19.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
3,9km

Kart    

Hafstadstølen

Dato:
18.11.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:46t
Distanse:
7,9km

Kart    

Sjønakletten

Dato:
17.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
3,3km

Nok ein regnværsdag i dag. Vi begynner snart å bli litt værsjuke av alt det regnværet som har komme denne hausten. Søsteren inviterte på tur og eg foreslo Sjønakletten ettersom det er litt mykje snø i høgda. Det var ein del sludd på vegen, men då vi parkerte hadde det nesten letta. Då vi kom gjennom skogen hadde det letta heilt og eg kjenner at humøret stig berre det sluttar å regne. Ein flott tur når været ikkje er det beste. Det er trass alt ein ganske tørr sti, sjølv om det har regna ein del i det siste. Absolutt ein prima tur på ein slik dag.

Kart    

Hafstadfjellet

Dato:
16.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:28t
Distanse:
10,4km

Etter ei natt med heftig regn, såg det an til at det gjekk å ta seg ein tur. Litt snø på vegen, men ikkje meir enn at det gjekk fint å gå. Ein del vind og hagl det siste stykket gjorde turen litt meir utfordrande. Litt skiftande vær gjorde at då eg kom på toppen var det ikkje akkurat så veldig flott utsikt, faktisk ingen utsikt i det heile. Flaksen var at då eg kom trygt nedatt i bilen starta lyn og torden

Kart    

Halbrendsstølen

Dato:
14.11.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:28t
Distanse:
6,3km

Søsteren inviterte på tur i nabolaget. Ho hadde lova å gå tur med nabohunden ettersom eigaren ikkje kunne. Det viste seg litt enklare sagt enn gjort. Veldig fin hund, ikkje så mykje støy og uro med den og heilt fin å gå hund med. Eit lite problem var at han hadde ein smule separasjonsangst, så når vi kom langt nok unna heimen, var han klar til å snu. Søsteren klarte likevel å overtale den til å bli med vidare. Vi kom oss opp til Halbrendsstølen og fekk ein liten pause før vi gjekk tilbake. Då var det som om hunden hadde fått ein rakett. Han pilte av gårde, så det var nesten umogleg å halde følgje. Ein retterleg underhaldande tur.

Kart    

Gytta

Dato:
12.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:36t
Distanse:
2,0km

Kart    

tur på Hamar

Dato:
08.11.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:47t
Distanse:
15,3km

Landsmøte i Nei til EU på Hamar. Reiste litt vel tidleg av gårde, så då blei det moglegheit for å ein tur på Hamar. Ikkje akkurat så mykje utsikt denne dagen. Vi reiste frå Førde i klårvær og kom til austlandet med tåke. Fint terreng i skogen ved Hamar.

Kart    

Gytta

Dato:
05.11.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:35t
Distanse:
2,1km
Kart    

Sygnestølen

Dato:
03.11.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:45t
Distanse:
10,9km

Ein skikkelig blaut tur. Parkerte nede ved hovudvegen og gjekk opp til Øvrebø. Det var skilta slik at ein ikkje skulle følgje vegen heilt opp, men følge ein sti. Denne stien gjekk ut i på ein bø. Så eg sikta meg inn på der stien til stølen skulle gå. Blaut sti heile vegen til Sygnestølen. Gjekk nedre ruta tilbake og fulgte hovudvegen tilbake til bilen. Kan vel ikkje påstå at det er ein "høydare" av ein tur med tanke på at det stort sett berre myr.

Kart    

Nordheia

Dato:
02.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:18t
Distanse:
4,1km
Kart