Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Skaranipa

Dato:
15.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:31t
Distanse:
5,8km

I følge værmeldingane så skulle det være opplett på Stavøya. Vel... værmeldingane tok i alle fall feil. Men når eg har køyrt så langt for å gå tur, så blir det tur anten det er regn eller ikkje. Det starta med litt yr som etterkvart gjekk over til regn. Og så urutinert som det går an å bli å ikkje ta med regntøy. Men men ein angrar aldri på ein tru. Einaste var at då eg kom tilbake til Førde så stråla sola og eg vart nesten frista til å ta ein bonus tur denne dagen, men det blei det ikkje.

Kart    

Klauvekeipen

Dato:
14.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
9,0km

Flott vær denne dagen. Turen gjekk til Klauvekeipen, sidan det var ei stund sidan sist. Det er noko med utsikta når ein kjem så langt ut mot havet. Konstrastane mot fjella lenger aust og havet i vest gjer at det er vakkert og mektig.

Kart    

Nordheia

Dato:
13.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:51t
Distanse:
3,8km

Etter ein lang dag i bil, var det greitt å komme seg på ein liten tur.

Kart    

Kvernberget, Kristiansund

Dato:
09.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:51t
Distanse:
3,4km

Etter å ha besøkt Kristiansund by, så er det greitt å besøke "byfjellet" også. Flott utsikt over Kristiansund frå toppen. Det går ei trapp opp, men vi valte å gå stien. Den er vel så fin som trappene.

Kart    

Litledalsvatnet

Dato:
07.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:25t
Distanse:
5,9km

Kart    

Kleppsåsen

Dato:
06.07.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
4,0km

Roleg tur med mannen

Kart    

Kvamstølsvatnet

Dato:
05.07.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:42t
Distanse:
8,9km

Tur til Fosstølen og vidare opp til Kvamsstølsvatnet. Noko blaut tur.

Kart    

Årskogheia

Dato:
04.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:43t
Distanse:
14,0km

Etter å ha hatt eit lite uhell ein tur, var beskjed frå lege at eg bør være forsiktig på tur og ikkje gå i for ulent terreng. Skaden var nok større enn eg først hadde tenkt. Så då blir det lette turar på meg nokre dagar. Testa difor ut Årskogheia. Det bør jo være ein relativt lettgått og ikkje så ulent. Fulgte traktorvegen opp til Vikumstølen. Derfrå var det sti. Det var berre eit lite problem. Det var ikkje alt for godt merka, slik at eg klarte å gå litt for mykje nord langs heile Årskogheia mot Årskogstølen. Det var nok litt dyretrakk som lurte meg ut på "ville vegar". Frå Årskogstølen fann eg merka rute tilbake. Og store delar av turen var godt merka, men fleire stader var det vanskeleg å finne "den rette sti" ettersom merkinga nokre stader >>>

Kart    

Furnesstølen

Dato:
03.07.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:03t
Distanse:
4,9km

Kart    

Myklebuststølen

Dato:
03.07.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:48t
Distanse:
3,6km

På veg heim frå Utvik, der vi hadde fått oppdrag å hente nokre stolar til leiligheita til sonen og svigerdatter. Sidan verken eg eller mannen har vore heilt til endes i Myklebustdalen, så var det kjekt å sjå.

Kart