Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1778)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Trugetur frå Ramstad
- Dato:
- 10.02.2024
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 5:03t
- Distanse:
- 17,2km
Parkerte ved Ramstad p-lomme og fulgte tråkka rute opp forbi Ramstadstølen og eit stykke før eg tok av sporet og sikta meg inn på toppen av Kvannfjellet. Eit lite stykke før toppen merka eg vinden godt, så det vart ikkje noko matpause på toppen. Gjekk vidare til Steinheia og deretter Høgefjellet før eg sikta meg inn mot Furebøstølen og nedatt til bilen. Greitt å gå med truger i dag ettersom det var avblåst på toppane.
Knppenfjellet
- Dato:
- 09.02.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:44t
- Distanse:
- 2,6km
Larsundstølen
- Dato:
- 05.02.2024
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 1:06t
- Distanse:
- 4,1km
Klungeren
- Dato:
- 04.02.2024
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 3:06t
- Distanse:
- 10,0km
I følge værmeldingane skulle det være regn/snø heile dagen. Men då det lysna, så såg det ikkje så verst ut. I tillegg var det nysnø, som gjorde at det frista med ein skitur. Tok sjansen på Klungeren ettersom det er eit fjell eg kjenner greitt.
På veg opp til parkeringsplassen var det ei blanding av sol, opplett og snøvær. Starta ved Masdalsgjerde og fulgte ruta oppover i puddersnø. Etter kvart som eg gjekk vart det lettare før meg. Rett før toppen starta snøen og tåka vart veldig tett. Fulgte skispora nedatt ettersom eg ikkje såg så veldig mykje foran meg. Gjekk noko sakte nedover før det letta heilt og siste delen av turen gjekk i opplett og nesten sol. Litt kladding på skia, men ettersom eg ikkje er overbegeistra over høg fart, var egentleg det perfekt for meg. Pudder >>>
Hafstadstølen
- Dato:
- 03.02.2024
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 1:51t
- Distanse:
- 8,0km
Det var meldt regn og sludd. Men då eg såg ut vindauget denne morgonen, så var det opplett. Fin tur sammen med min søster. Til og med litt blå himmel. Sludd og hagl starta i det eg satte meg i bilen heimatt.
Gravdalsholten i snø og vind
- Dato:
- 01.02.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:06t
- Distanse:
- 3,3km
Det kunne sjå an til at det vart opplett denne dagen, då eg gjekk frå jobb. Men sikker kan ein jo aldri være... I alle fall ikkje når værmeldingane er slik dei er. Avtalte med min søster at vi skulle ta ein tur i Gravdalsholten, sidan ho ikkje hadde så god tid. Vi tok runda rundt der tråkket skal være. Det hadde snødd, slik at spora var tildekt, men vi fann no fram. Etter kvart kom snøen og litt vind. Det gjekk framleis greitt. Etter toppen blei det meir vind og meir snø, til slutt måtte vi gå på sporing frå andre for å være sikker på at vi hadde rett rute. Og det å bruke briller i eit slik vær, er ikkje berre berre. Eg ser verken med eller utan briller. Ettersom søsteren er godt kjent, så gjekk det bra. Då vi kom ned frå skogen slutta snøen og det vart opplett og >>>