Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1804)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Veten
- Dato:
- 16.03.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:37t
- Distanse:
- 9,6km
Etter møte på Gloppen hotell nytta eg sjansen til å komme meg ut i sola for å besøke ein ny topp. Parkerte ved bommen og gjekk opp merka rute til Veten Fin sti stort sett heile vege opp. Siste stykket var snødekt, men greitt å gå. Sikta meg inn på det eg trudde skulle være ruta ned til Røsskleivvatnet. Og det var ein del meir snø ned den ruta enn den ruta eg tok opp. Sikta meg vidare på sti mot Eidsstølen. Der det var enda meir snø å søkke gjennom. Tok traktorvegen ned frå Eidsstølen og det var då eg fann ut at det hadde vore ein ide med broddar, sjølv om eg klarte meg utan.
Liafjellet
- Dato:
- 13.03.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:30t
- Distanse:
- 1,8km
Det regnar og då er det greitt å ha ein litt kortare tur. Så Liafjellet var greitt å ta. Litt snø i stien, men ellers greitt å gå.
Gytta på bursdagstur
- Dato:
- 12.03.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:33t
- Distanse:
- 2,1km
Måtte ha ein liten trimtur på bursdagen sammen med søsteren.
Vi fann ut at vi skulle ta med eit par stokkar også oppover. Jammen gjev desse stokkane litt ekstra trim. Kjente det godt ei god stund. Godt med ekstra trim når turen ikkje er så lang.
Fagredalen
- Dato:
- 11.03.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:04t
- Distanse:
- 4,5km
Ettermiddagstur til Fagredalen frå Skilbrei. Parkerte der eg vanlegvis har parkert, men blei vist til parkeringsplassen som er lagd berre nokre meter før siste garasjen.
Flatenipa og Strandanipa
- Dato:
- 10.03.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:35t
- Distanse:
- 14,6km
Etter gårsdagen fine tur, vart det på tide med ein ny tur, i litt meir kjent område. Hadde med meg ein kjekk kollega på turen. Ho hadde lyst å ta runda opp til Flatenipa og ned via Strandanipa. så då blei det så. Flott broddeføre. Litt blautt i snøen i dei hellingane sola hadde teke mest på, men ellers var snøen fast og fin. Sola skinte heile vegen rundt og vi hadde det strålande på tur. Litt tung i beina etter gårsdagens tur, men det var ikkje om å gjere å haste seg av gårde. Eg håper på fleire slike fine dagar.
Dunheia og Svinestranda
- Dato:
- 09.03.2024
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 5:32t
- Distanse:
- 21,8km
Solskinnsdag som var meldt i nokre dagar og då såg eg mulighet for ein ny topp. Eg hadde eigentleg tenkt å gå med fjellskia, men eg hadde høyrt at det skulle være rimelig hardt i høgda denne perioden. Så då var det tryggast å velje trugene, eventuelt broddar.
Starta med brodder og gjekk etter kvart over til truger. Køyrde opp ved Kvile og så langt eg turte med bilen. Derfrå gjekk eg opp ein traktorveg og vidare opp mot Kvilestølen
Sikta meg opp mot skaret mellom Snøheia og Dunheia. Fortsette mot toppen av Dunheia for ein liten stopp før eg gjekk vidare med sikte mot Frøyseteggene og deretter til Blånibba. Eg fann ut at det ikkje var så langt bort til Svinestranda, så då tok eg rett og slett ein svipptur bort dit. Gjekk rett mot skaret midt på Svinestranda og tok med begge >>>
Nordheia og Djupviknipa
- Dato:
- 08.03.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:57t
- Distanse:
- 3,9km
Endeleg sol og moglegheit å komme seg ut før solnedgangen. Etter gårsdagen litt dårlege val med truger, så valte eg broddar denne dagen. Og det var heilt glimrande val. Fekk følge med eit par andre på veg opp. Litt meir vind denne dagen, men solskinnet vegde opp for trekken. Nydeleg dag.