Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Fyglastølen

Dato:
09.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:33t
Distanse:
2,6km

Opplett etter ei stund med mykje regn. Fint å gå denne dagen.

Kart    

Storehesten

Dato:
08.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:28t
Distanse:
11,3km

I dag stod Storhesten for tur. Det blei litt fram og tilbake før eg bestemte meg for å prøve meg på egga opp mot Storehesten, trass litt regn og snø. Eg må innrømme at det ikkje var like lett å komme opp då ruta var noko sleip enkelte stader og snøen dekka litt av stien. Etter dei siste dagars nysnø vart det noko krevjande enkelte stader og med min høgdeskrekk, så vart det ei lita utfordring. Men eg kom meg opp etter litt arbeid. På veg nedatt var det faktisk meir snø og sjansen for å unngå snøen var ikkje til stades. Så då var det berre å gå på. Stort sett heile turen var opplett og tendensar til solskinn. Men då eg kom nedatt mot Skaraly opna alle sluser seg og det lille håpet om å være nokon lunde tørr rant ned med regnet. Heldigvis er stien frå Skaraly mot Stølshaugane >>>

Kart    

Hatlesetnipa

Dato:
07.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
6,9km

Det såg an til å være opplett resten av dagen og turen gjekk då til Hatlesetnipa. Vi fekk rett nok noko regn på vegen, men det var i skogen før Fløgjen. Det var friskt og fint og opplett resten av turen. Utsikta frå Hatlesetnipa er ganske flott både innover mot Norddalsfjorden Eikefjorden og ikkje minst ut mot havet. Stien er nok prega av ein del regn dei siste dagane, så det er ikkje heilt lett å halde seg tørr på føtene. Men utsikta kompenserer godt for det.

Kart    

Grimsetstølen

Dato:
06.06.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
9,0km

Etter gårsdagens varierte tur med det resultat at beina vart ekstra våte, var det greitt å finne ein tur der faren for å bli meir våt ikkje var sååå stor. I tillegg fekk eg med mannen på tur, noko eg synest er veldig bra. Grimsetstølen er lettgått og på grusveg, med moglegheit for å ta seg litt ut opp bakken på midten. Vi såg an til at det vart solstrålar denne dagen og køyrde mot Naustdal. Oppover dalen starta regnet og det regna rimelig mykje og det vart grått, så vi gav opp og starta på veg heimatt. I det vi hadde snudd og køyrt ca 200 meter letta det og vi bestemte difor å likevel gå turen. Vi hadde faktisk opplett på store delar av turen og til og med litt sol. Det er i alle fall ikkje så verst å gå enkelte turar med litt regn og likevel være tørr på beina.

Skogstadfjellet

Dato:
05.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:36t
Distanse:
6,5km

Fekk invitasjon frå søsteren om å gå ein tur på Skogstadfjellet. I desse dagar er været litt ubestemmelig. I eit øyeblikk er det høljeregn og i neste så er det sol. Og innimellom der er det haglebyger. Det er difor litt vanskeleg å finne turar som ikkje betyr at ein er kliss blaut på beina. Skogstadfjellet er fint med tanke på at deler av turen går i skog og skjermar difor for det verste regnbygene. Gleden vart stor då vi innimellom får solstrålar som til og med varmar. Sjølv om det ikkje er like fint som i mai, så må vi jo berre ta det været vi får. Og som vestlending så klarer dei fleste å glede seg over dei solstrålane vi kan få.

Kart    

Hornnesstølen og Skeistølen

Dato:
03.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:29t
Distanse:
13,3km

Tur med Førde vidaregåande turlag. Litt regn i lufta etter ca ein månad med finvær. Det stoppa ikkje dei mest ivrige i turlaget for det. Og det var faktisk ikkje så ille. Nokre regnbyger og littegrande vind var berre forfriskande. Stort sett mest opplett på turen, sjølv om beina ikkje akkurat var tørre. Det minner meg på at eg snart på imprignere skoa igjen, sjølv om eg kjem til å gløyme det til neste gong eg vert våt på beina. Og som det vert sagt: du angrer aldri på ein tur. Ikkje denne gongen heller.

Kart    

Erdalsstølen

Dato:
02.06.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:21t
Distanse:
6,0km

Kveldstur sammen med mannen før regnet kjem

Kart    

Smalerabben frå Førde

Dato:
01.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:16t
Distanse:
13,7km

Tur med kollegaer til Smalerabben. Testa ut ei anna rute enn vi gjekk sist. Fint å gå innover mot Lågeide og bratt opp på høgda. Dette gav mykje utsikt for innsatsen. Det er ei utfordring med høgda ned på begge sider over Smalerabben i alle fall for dei fleste. Det er ein spektakulær tur der høgdeskrekken vert utfordra. Her gjeld det å halde seg på beina og ikkje snuble. Litt vind gjorde at lunsjen måtte takast i le ved Veslerabben. Godt å sette seg ned for ein pause og nyte utsikta. Retur ned mot Berlevatnet og følge Nordsjøløypa tilbake til Førde og parkeringsplassen. Vi var godt fornøgd med turen som vart valt.

Kart    

Brandsøyåsen

Dato:
30.05.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
4,6km

Tok med mannen på tur. Vi fulgte den vanlege stien frå Torvmyrane skule. Men på veg nedatt testa vi ut ei rute eg ikkje hadde prøvd før. Denne hadde nok ikkje fullt så mykje trafikk som den stien som går opp. Men vi fekk ei litt anna utsikt. Flott å teste nye stiar.

Kart    

Alnakken - nesten

Dato:
29.05.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
5,3km

Planen var Alnakken, men litt rot med manglande sti gjorde at vi kom opp ei ur utan at det var mogleg å komme opp. I tillegg var litt av turfølget ikkje heilt stødig på å klyve opp i ura, så då fann vi det ut at det var lurast å gjere ein kortare versjon av turen. Så får vi heller la Alnakken være eit turmål ved seinare høve. Fin tur blei det uansett om vi ikkje kom opp til toppen denne gongen.